Erik Håker () er ein norsk tidlegare skiidrettsutøvar i alpine greiner. Han var den første norske alpinisten som vann eit verdscuprenn i alpint. Han representerte klubben Oppdal IL.
Håker gjorde seg internasjonalt kjend allereie i VM i 1970 då han som 17-åring kom på 10. plass i storslalåm og 13. plass i utfor. Gjennombrotet i verdseliten kom i sesongen 1971/72. Etter ein svak sesongstart med 33. plass i det første utforrennet i St. Moritz, vann han fire dagar seinare storslalåmrennet i Val-d'Isère med bestetid i begge omgangane. Dermed vart han den første norske utøvaren som nådde ein verdscupsiger.
I vinter-OL i 1972 i Sapporo kom Håker på 5. plass i utforrennet. Han leia storslalåmrennet etter første omgang. Etter dåtida sine reglar skulle han starte som førstemann dagen etter fordi han var siste startande (altså nr. 15) i pulje 1. Etter 53 sekund, midt i bratthenget, køyrte han ut. Gullmedalja gjekk til italienaren Gustav Thöni. Håker deltok også i vinter-OL i 1976 i Innsbruck og i vinter-OL i 1980 i Lake Placid.
Håker var i verdseliten i storslalåm og utfor gjennom store delar av 1970-talet, og oppnådde totalt 20 pallplasseringar. Han kom på 5. plass samanlagt i verdscupen i alpint i 1975 (sesongen 1974/75). I 1978 fekk han Olavstatuetten og i 1979 Holmenkollmedalja.
Verdscupsigrar Dato Stad Land Disiplin 9. desember 1971 Val-d'Isère Frankrike Storslalåm 18. februar 1972 Banff Canada Storslalåm 12. mars 1973 Naeba Japan Storslalåm 21. januar 1975 Fulpmes Austerrike Storslalåm 17. desember 1978 Gherdëina Italia Utfor
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Erik Håker» frå , den 3. februar 2012.
Kategori:Norske alpinistar Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1972 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1976 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1980 Kategori:Folk frå Oppdal