Tsjernivtsi (ukrainsk skrift Чернівці́, rumensk Cernăuți) er ein by sørvest i Ukraina, ved den øvre leia til elva Prut. Tsjernivtsi er det administrative senteret i Tsjernivtsi oblast (provins) - den nordlege, ukrainske delen av den historiske regionen Bukovina. Byen har kring 240 000 innbyggjarar (2001).

I lag med byen Lviv vert Tsjernivtsi rekna som eit kulturelt senter i det vestlege Ukraina. Historisk sett var Tsjernivtsi derfor kalla «Vesle Wien». Byen er òg eit stort trafikknutepunkt for veg og jernbane og husar ei internasjonal lufthamn.

Namn

I tillegg til det ukarainske namnet Tsjernivtsi har byen ulike namn på andre språk som har blitt brukt av desse språkgruppene gjennom tidene: Rumensk , tysk og jiddisch , polsk , ungarsk , russisk (til 1944 Чернови́цы, Tsjernovitsy).Указ Президиума Верховного Совета СССР от 9 августа 1944 года Об уточнении наименований городов:…Черновицы,…Украинской ССР

Geografi

Tsjernivtsi ligg i den historiske regionen Bukovina, som òg strekkjer seg inn i Romania i sør. Byen ligg 248 meter over havet og er omgjeve av skogar og sletter. Elva Prut renn gjennom byen.

Klima

Historie upright|mini|Måleri av Anastasija Markovitsj i høve 600-årsjubileet til byen. Frå 1775 var Tsjernivtsi ein del av den austerrikske provinsen Bukovina; før denne tida hadde byen høyrt til det rumenske fyrstedømmet Moldavia. Dei bukovinske byane Siret og seinare Suceava var dei første hovudstadene i fyrstedømmet. Da Austerrike-Ungarn vart oppløyst i 1918 vart området kring Tsjernivtsi innlemma i Romania, og slik vart det verande til 1940, då området vart okkupert av Sovjetunionen. I løpet av andre verdskrigen vart området tilbakeført til Romania, men deretter teke over av Sovjetunionen att og innlemma i Den ukrainiske sovjetrepublikken. Sidan 1991 har Tsjernivtsi vore del av det sjølvstendige Ukraina.

Tsjernivtsi var staden for den aller første jiddische språkkonferansen.

Folkesetnad 1. januar 1998 var folketalet i byen ca. 295 000. Av desse var ca. 172 000 ukrainarar, 46 000 russarar, 29 000 rumenarar (av desse ca. 15 000 moldavarar), 7 000 polakkar.

Ifølgje den offisielle ukrainske folketeljinga frå 2001 var folketalet på det tidspunktet ca. 240 600 og talet på nasjonalitetar 65. Av desse var 189 000 (79,8 %) ukrainarar, 26 700 (11,3 %) russarar, 14 400 (6,1 %) rumenarar, 1 400 (0,6 %) polakkar, 1 300 (0,6 %) jødar og 2 900 (1,2 %) høyrde til andre folkegrupper.

I 1930 var befolkninga ifølgje ei rumensk folketeljing 26,8 % jødisk, 23,2 % rumensk, 20,8 % tysk, 18,6 % ukrainsk og 1,5 % russisk. Det jødiske samfunnet i byen talde om lag 50 000 menneske, og ca. helvta av dei overlevde krigen takk vere intervensjon frå ein rumensk advokat og reserveoffiser som heitte Theodor Criveanu.

I Romania blir byen Cernăuţi rekna å ha ei rik historie som eitt av dei viktigaste rumenske kultur- og utdanningssentera.

Romania opna generalkonsulat i Tsjernivtsi i mai 1999.

Folk frå Tsjernivtsi Paul Celan (1920–1970) , diktar, omsettar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chernivtsi» frå , den 21. juni 2005.

Bakgrunnsstoff Den offisielle nettstaden åt byen Tsjernivtsi (på ukrainsk og engelsk)

Kategori:Byar i Tsjernivtsi oblast Kategori:Bukovina Kategori:Shtetlar