Samsung (offisiell søkoreansk translitterasjon: Samseong; hangeul: 삼성; hanja: 三星; koreansk uttale: [samsʌŋ]; namnet tyder ‘tre stjerner’) er eit fleirnasjonalt elektronikkfirma frå Sør-Korea som mellom anna produserer flatskjermar, nettbrett, mobiltelefonar og datamaskinar. I dag er Samsung den største IT-produsenten i verda, ein tittel dei tok frå Hewlett-Packard i 2010.Jung-a, S. og Christian Oliver, O., Samsung beats HP to pole position, 29/1-2010.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Elektronikkprodusentar Kategori:Forbrukarelektronikkprodusentar Kategori:Internasjonale føretak Kategori:Skipingar i 1938 Kategori:Sørkoreanske føretak