Muttenhorn er eit fjell i Dei lepontinske Alpane, på grensa mellom kantonane Valais og Uri. Det har ei høgd på 3 099 moh og ligg på sørsida av Furkapasset. Breen Muttgletscher ligg på nordvestsida av fjellet, oppfor 2 600 moh.
Sjølve toppen vert kalla Gross Muttenhorn, og i tillegg finn ein toppane Chli Muttenhorn (3 024 moh) og Stotzig Muttenhorn (3 062 moh). Heile massivet vert kalla Muttenhörner.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Muttenhorn» frå , den 9. februar 2012.
Bakgrunnsstoff Muttenhorn på SummitPost
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Valais Kategori:Fjell i Uri