Üetliberg (òg skrive Uetliberg) er eit fjell på Det sveitsiske platået, og ein del av Albisfjella, med ei høgd på 873 moh. Frå toppen har ein god utsikt over heile byen Zürich og Zürichsjøen. Det ligg òg eit hotell på det vesle fjellet. Dei to tårna på fjellet er eit utkikkstårn (gjenoppbygd i 1990) og Uetliberg fjernsynstårn (132 m, gjenoppbygd 1968). Toppen har lett tilkomst med tog frå Zürich.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Üetliberg» frå , den 12. februar 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Zürich Kategori:Turistmål i Sveits