Boogaloo (engelsk, eller spansk bugalú) er ein musikksjanger og dans som var populær i USA på 1960-talet. Musikken er også kjend som shing-a-ling, Latin boogaloo og Latin R&B.
Boogaloo oppstod i New York blant ungdom av afroamerikansk og latinoopphav, hovudsakleg kubansk og puertorikansk. Han var påverka av afroamerikansk R&B og soul og av latinomusikk som mambo og son montuno. Songane kunne ha tekst på spansk eller engelsk, og kunne ofte vera humoristisk. Omgrepet «boogaloo» blei truleg laga i 1966 av Richie Ray og Bobby Cruz.
Tidlege boogaloo-songar som nådde topp 20-lista i USA i 1963 var Mongo Santamaría sin versjon av Herbie Hancock sin «Watermelon Man» og Ray Barretto sin «El Watusi». Desse slagerane inspirerte fleire grupper til å framføra liknande musikk.
Boogaloo blei spelt i storband av unge musikarar, ofte frå det store puertorikanske miljøet i New York. Nokre av desse musikarane var Bataan, Cuba, Bobby Valentín, The Latin Souls, The Lat-Teens, Johnny Colón, Willie Colón og The Latinaires.
Dei største slagerane på 60-talet var «Bang Bang» av Joe Cuba-sekstetten, som selde over ein million eksemplar i 1966. Johnny Colón hadde ein hit med «Boogaloo Blues», Pete Rodríguez med «I Like It like That» ig Hector Rivera med «At the Party».
Etter ein enorm suksess på midten 1960-talet, døydde boogaloo-interessa ned rundt 1969.
Viktige album Ray Barretto, Viva Watusi! (UA Latino, 1965) Ricardo Ray, Se soltó (On the loose) (Tico, 1966) Ricardo Ray, Jala Jala y Boogaloo (Tico, 1967) Joe Cuba Sextet, Bang! Bang! & Push, push, push (Tico, 1967) Pucho and His Latin Soul Brothers, The Best of Pucho and the Latin Soul Brothers (Ace, 1966–1970) Johnny Colon, Boogaloo Blues (Fania, 1967) Willie Colón, El Malo (Fania, 1967) Joey Pastrana, Let's ball (Cotique, 1967) El Gran Combo, Boogaloos (Gema, 1967)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Boogaloo» frå , den 13. februar 2012.
Bakgrunnsstoff «Boogalu» ved salsaroots.com Artikkel ved Busca Salsa
Kategori:Cubansk musikk Kategori:USA-amerikansk musikk Kategori:Musikk i 1960-åra Kategori:Engelske ord og uttrykk Kategori:Spanske ord og uttrykk