Simon Stevin () var ein nederlandsk fysikar og matematikar. Han innførte geometrisk addisjon av vektorar ved å gjere bruk av parallellogramet til kreftene, og fann lovene for rørsle på eit skråplan. I matematikken gjorde han, som den første, systematisk bruk av desimalbrøk og prøvde desimalinndeling av mynt, mål og vekt, to hundre år før dette vart innført i Frankrike.
Kjelder Simon Stevin. (2012-02-14) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Simon_Stevin
Kategori:Nederlandske fysikarar Kategori:Nederlandske matematikarar Kategori:Matematikarar på 1500-talet Kategori:Matematikarar på 1600-talet Kategori:Fysikarar på 1500-talet Kategori:Fysikarar på 1600-talet Kategori:Fødde i 1540-åra Kategori:Folk frå Brugge