«Voi Voi» (finsk for 'Au da') var det norske bidraget i Eurovision Song Contest 1960 i London i Storbritannia, framført på norsk og finsk av Nora Brockstedt. Bidraget enda på fjerdeplass med elleve poeng.
Uttrykket «voi voi» «Voi voi» er eit finsk uttrykk for overvelde eller eit sukk. På norsk kan «voi voi» tyde «au da», «uff da», «å, å» og «å kjære». Songtittelen «Voi Voi» er dimed ikkje samisk sjølv om teksten handlar om ei samejente. På samisk vert «voi voi» skrive «vuoi vuoi».
Melodi Grand Prix 1960 «Voi Voi» vart vald ut av Norsk rikskringkasting (NRK) til å delta i den fyrste utgåva av Melodi Grand Prix, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1960. Songen måtte gjennom ein semifinale der han vart sungen av Inger Jacobsen. Bidraget vann og gjekk vidare til finalen der det vart framført av Nora Brockstedt. «Voi Voi» vann og fekk vere det fyrste bidraget til å representere Noreg.
Eurovision Song Contest 1960 Noreg deltok i Eurovision Song Contest 1960 i London i Storbritannia 25. mars 1960 og enda på fjerdeplass med elleve poeng - fire frå Sveits, to frå Danmark og eitt frå Storbritannia, Belgia, Austerrike, Nederland og Frankrike. Det var fyrste gong ein nytta norsk og finsk språk i tevlinga.
Melodi Grand Prix 2012 I finalen i Melodi Grand Prix 2012 song kvar av finalistane; Nora Foss al-Jabri, Tommy Fredvang, Plumbo, The Carburetors, Yaseen og Julie Maria, Tooji, Lise Karlsnes, Malin, Petter Øien og Reidun Sæther, med unntak av Bobby Bare, sin eigen versjon av songen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Voi Voi» frå , den 14. februar 2012. NRK.no - MGP 2012
Fotnotar
Kategori:Melodi Grand Prix 1960-songar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarsongar Kategori:Eurovision Song Contest 1960-songar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Norskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Finskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Norskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Finskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Fleirspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Melodi Grand Prix 2012 Kategori:Inger Jacobsen-songar Kategori:Nora Brockstedt-songar