Aage Niels Bohr () var ein dansk fysikar og nobelprisvinnar. Han er son av den store fysikaren Niels Bohr som sjølv vart tildelt Nobelprisen i 1922.
Han etterfølgde far sin i 1956 som professor i fysikk i København. Bohr var ein dugande teoretisk fysikar og matematikar, og kjend for bidraga sine til forståinga av strukturen i atomkjernene og særskild for den skildringa han saman med amerikanaren Ben Mottelson og Leo James Rainwater gav av atomkjernane og som dei saman fekk nobelprisen i fysikk for i 1975. Bohr hadde ein vesentleg del av æra for at København òg etter at Niels Bohr døydde helt fram som eit verdssentrum for kjernefysisk forsking.
Bohr vart æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1969, ved Universitetet i Trondheim i 1972. Same året fekk han den amerikanske Atoms for Peace-prisen.
Kjelder Aage Niels Bohr. (2012-02-16) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Aage_Niels_Bohr
Kategori:Danske kjernefysikarar Kategori:Danske fysikarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Danske nobelprisvinnarar Kategori:Folk frå København Kategori:Professorar ved Københavns Universitet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det pavelege vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Æresdoktorar ved NTNU Kategori:Æresdoktorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Fysikarar på 1900-talet Aage