Vitskapsåret 1803 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1803.
Hendingar Jacob Berzelius og Wilhelm Hisinger oppdaga oksydet til eit nytt grunnstoff, cerium. Martin Heinrich Klaproth gjorde oppdaginga same år uavhengig av Berzelius og Hisinger. Lazare Carnot publiserte Principes fondamentaux de l'équilibre eit du mouvement, der han gjorde arbeidet til ein viktig del av mekanikken. Lazare Carnot publiserte Géométrie de position om projektiv geometri, der han mellom anna diskuterer den geometriske tydinga av ei negativ rot for ein algebraisk likning. John Dalton utarbeidde atomteorien sin. Claude Louis Berthollet publiserte Essay de statique chimique der han samanfatta ideane sine om masseverknadslova. Ideane blei rekna for å vere uforeineleg med atomteorien, så det skulle gå til 1860-talet før dei blei allment akseptert.
Prisvinnarar Copleymedaljen: Richard Chenevix, britisk kjemikar.
Fødde 28. februar, Christian Heinrich von Nagel, tysk matematikar (død ). 12. mai - Justus von Liebig, tysk kjemikar (død ). 24. mai - Charles Lucien Bonaparte, fransk naturvitar og ornitolog (død ). 21. juni - Timothy Abbott Conrad (død ), amerikansk geolog. 31. juli - John Ericsson (død ), svensk oppfinnar og ingeniør. 29. november - Christian Doppler, austerriksk matematikar og fysikar, oppdagar av dopplereffekten (død ). 21. desember - Joseph Whitworth, engelsk ingeniør og entreprenør, oppfinnar av Whitworth-gjenger (død ).
Døde 27. august- Peter Gustaf Tengmalm, svensk naturforskar, ein av Linnés lærlingar (fødd ). 14. oktober - Aimé Argand, sveitsisk fysikar og kjemikar (fødd ).