Vitskapsåret 1910 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1910.
Astronomi mini|Halleys komet fotografert i 1910 Jorda passerte gjennom halen av Halleys komet.
Biologi Thomas Hunt Morgan oppdaga at genene er plassert i kromosom.
Kjemi Albert Einstein og Marian Smoluchowski definerte Einstein-Smoluchowski-formelen for attenuasjonskoeffisienten som følgje av fluktuasjonar i tettleiken av ein gass
Matematikk Utgjevinga av 1. opplag av Principia Mathematica av Alfred North Whitehead og Bertrand Russell, eit av dei viktigaste og mest banebrytande verka innan matematisk logikk og filosofi.
Fysikk Den tyske fysikaren Theodor Wulf klatra opp Eiffeltårnet med eit elektrometer og oppdaga det første beviset på kosmisk stråling Hans Reissner og Gunnar Nordström definerte Reissner-Nordström-teorien om singularitet
Teknologi mini|Coandă-1910 jetfly Det første direktesendte musikalske radioprogramet. Lee De Forest kringkasta ein direktesendt opptreden av Enrico Caruso frå Metropolitan-operaen Henri Fabre vart den første personen til å fly eit sjøfly etter å ha teke av frå eit vatn i nærleiken av rullebanen Martigues i Frankrike Den rumenske aerodynamikaren Henri Coandă lanserte det første jetflyet i verda, Coandă-1910
Prisar mini|William Shockley mini|Robert Koch Copleymedaljen: Francis Galton Darwinmedaljen: Roland Trimen Nobelpriser Fysikk - Johannes Diderik van der Waals Kjemi - Otto Wallach Medisin - Albrecht Kossel Sylvestermedaljen: Henry Baker Wollastonmedaljen: William Berryman Scott
Andre hendingar Willard Gibbs-prisen vart oppretta. Norges Tekniske Høgskole (NTH) vart oppretta som opphavleg Den Tekniske Høiskole i Trondheim.
Fødde 9. februar - Jacques Monod, fransk biokjemikar, vinnaren av Nobelprisen i fysiologi eller medisin i 1965 (død 1976) 13. februar - William Bradford Shockley, amerikansk fysikar (død 1989) 11. mars - Robert Havemann, tysk kjemikar (død 1982) 12. mai - Dorothy Crowfoot Hodgkin, britisk kjemikar (død 1994) 24. desember - William Hayward Pickering, leiar av NASAs Jet Propulsion Laboratory frå New Zealand (død 2004)
Døde 10. mai - Stanislao Cannizzaro, italiensk kjemikar (fødd 1826) 12. mai - William Huggins, engelsk astronom (fødd 1824) 27. mai - Heinrich Hermann Robert Koch, tysk bakteriolog (fødd 1843) 4. juli - Giovanni Schiaparelli, Italiensk astronom (fødd 1835) Hans Christian Printz, norsk lege, meteorolog og botanikar, òg kjend som ein stor samlar (fødd 1817)