Vitskapsåret 2001 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 2001.
Hendingar Astronomi og romfart 7. april - NASA skaut ut Mars Odyssey for å leite etter vatn og vulkansk aktivitet på Mars. Mai Nye analysar av kosmisk bakgrunnsstråling fekk ståande ovasjonar på møtet til Det amerikansk fysikkselskapet i Washington i USA då tre sjølvstendige forskarlag presenterer opplysningar om at universet består av 5 % vanleg materie, 30 % mørk materie og 65 % ukjent energi som bles opp universet i akselererande fart. Nature presenterte ein studie om at Pluto omgjev seg med ein skare med hundretals småplanetar i utkanten av solsystemet. August - Lysforureining over Europa gjorde at 99 % av europearane ikkje lenger kunne sjå ein riktig stjernehimmel, og det vart publisert eit amerikansk-italiaensk samla verdsatlas over lysforureiningane, basert på amerikanske satellittbilete. 16. august Det amerikanske vitskapsakademiet kunngjorde at stjerna 47 Urase Majoris i Store bjørn, 50 lysår frå jorda, kan ha eit planetsystem som liknar på Solsystemet. Stjerna minner om sola, og fleire år tidlegare fann ein ein planet rundt denne, i 2001 har ein funne enda ein planet rundt stjerna, med ein masse nesten to gonger så stor som Jupiter. Ukjend dato - Richard Ellis, Michael R Santos, Jean-Paul Kneib og Konrad Kuijken oppdaga eit stjernekluster på ein avstand av 13,4 milliardar lysår frå jorda. Ukjend dato - NEAR Shoemaker vart den første romfarkosten som landa på ein asteroide, 433 Eros. Ukjend dato - Romfarkosten Genesis vart skoten opp med mål om å samle opp stoff frå solvinden.
Biologi August - President George W. Bush presenterte dei retningslinjene som skal gjelde for den amerikanske forskinga på embryonale stamceller. September - Forskar lukkast for første gong å endre embryonale stamceller eller blodceller. November Forskarar ved Memorial Sloan-Kettering Cancer Center i New York, USA hadde konstruert molekylstore målsøkande robotar som tok seg fram til kreftceller og bestrålte dei i hel innanfrå.
Fysikk Januar - Partikkelfysikarar ved Brookhaven National Laboratatory i New York, USA kunngjorde under ein stor fysikarkonferanse at ein ved å kollidere gullkjerner med kvarandre lukkast i å skape den tettaste tilstanden av materie som ein nokonsinne har funne på jorda.
Medisin 2. juli - Det første vedlikehaldsfrie kunstige hjartet i verda vart implantert.
Prisvinnarar Bigsbymedaljen: Nicholas Jeremiah White Copleymedaljen: Jacques Miller Davymedaljen: Ian Scott De Morgan-medaljen: James Alexander Green Göran Gustafssonprisen: Molekylær biologi: Helena Edlund Kjemi: Pär Nordlundh Matematikk: Mikael Passare Medisin: Reinhard Fässler Ingenjörsvetenskapsakademien delte ut store gullmedaljen til Assar Lindbeck Nobelprisen: Fysikk: Eric Cornell, Wolfgang Ketterle og Carl Wieman Kjemi: William S. Knowles, Ryoji Noyori, K. Barry Sharpless Fysiologi/Medisin: Leland H. Hartwell, Tim Hunt, Paul Nurse Polhemsprisen: Mats Leijon Steeleprisen: Leslie Greengard, Vladimir Rokhlin, Richard Stanley og Harry Kesten Turingprisen: Ole-Johan Dahl og Kristen Nygaard Wollastonmedaljen: Harry Blackmore Whittington
Døde 22. februar - Claude E Shannon, matematikar (fødd ) 28. mai - Francisco Varela, biolog og filosof (fødd ) 20. august - Fred Hoyle, astronom (fødd ) 2. september - Christiaan Barnard, lege (fødd ) 5. desember - Franco Rasetti, fysikar (fødd )
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vitenskapsåret 2001» frå , den 16. februar 2012.