André Tanneberger () er ein tysk DJ kjend under artistnamnet ATB.

Karriere

André Tanneberger kjem frå Freiberg i Sachsen. Tidleg på 1990-talet var André Tanneberger med i dance-gruppa Sequential One, som hadde stor suksess i Tyskland, men vart oppløyst i 1999. Då hadde Tanneberger allereie starta sitt nye soloprosjekt, ATB. I 1999 gav han ut debutplata Movin' Melodies, der singlane «9pm (Till I Come)» og «Don't Stop» var med.

Etter suksessen med fyrsteplata, har ATB gjeve ut ei rekkje trance- og elektronika-album fram til i dag. Ifylgje DJ Magazine hamna han på 11. plass på lista over verdas beste DJ-ar i 2009. Av seinare populære ATB-singlar kan nemnast «Hold You», «Let U Go» og ein coverversjon av Olive-låta «You're Not Alone».

Diskografi

Movin' Melodies (1999) Two Worlds (2000) Dedicated (2002) Addicted To Music (2003) No Silence (2004) Trilogy (2007) Future Memories (2009) Distant Earth (2011) Contact (2014)

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «ATB» frå , den 16. februar 2012.

kategori:Tyske electronicamusikarar Kategori:Folk frå Sachsen