Jack St. Clair Kilby () var ein amerikansk fysikar og vinnar av Nobelprisen i fysikk i år 2000. Han vart tildelt prisen «for bidraget hans til oppfinninga av den integrerte kretsen» (mikrobrikka). Han vart tildelt halve prissummen, og den andre halvparten gjekk til tyske Herbert Kroemer og russiske Zjores Alfjorov «for utvikling av halvleiarheterostrukturar brukt i høgsnøggleiks- og optoelektronikk».

Kilby fekk ein bachelor of science frå University of Illinois at Urbana-Champaign der han er æresmedlem av Acacia Fraternity, og i 1947 fekk han ei grad i elektroteknikk. Han tok vidare ein mastar of science i elektroteknikk frå University of Wisconsin i Milwaukee samstundes som han jobba ved Centralab i Milwaukee.

Kilby var tilsett ved Texas Instruments sidan 1958 og professor ved Texas A&M University 1978-85.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jack Kilby» frå , den 18. februar 2012.

Bakgrunnsstoff Biografi av Texas Instruments

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Missouri Kategori:USA-amerikanske elektroingeniørar Kategori:Datapionerar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet Kategori:National Medal of Science Kategori:Folk døde av kreft