Zürich er den største byen i Sveits og har innbyggjarar () og eit areal på . Han er hovudstad i kantonen Zürich, og er det viktigaste kommersielle senteret i Sveits. Zürich er ein leiande global by og eit av dei største finanssentera i verda.World's 10 Most Powerful Cities prlog.org. Vitja 19. mars 2012 I følgje undersøkingar frå 2006 til 2008 var Zürich den byen i verda med høgast levestandard, og den mest velståande byen i Europa.Mercer – Quality of Living global city rankings 2009 – Mercer survey, 28 April 2009 Byen er eit trafikknutepunkt for vegar, jernbane og luftfart. Både lufthamna og jernbanestasjonen i byen er dei største og travlaste i landet.
Geografi mini|venstre|Utsyn over Zürich rundt 1884.
Zürich ligg i naturskjønne omgjevnader ved Zürichsjøen og elva Limmat. Byen ligg 408 moh., om lag 3 mil nord for Alpane, som ein kan sjå herfrå. På aust- og vestsida av byen ligg skogkledde åsar. Lindenhof er det historiske og geografiske senteret i byen; den har vore folkesett sidan steinalderen. Byen var lenge avgrensa av kanalen Schanzengraben. I dag strekkjer busetjinga seg utover i dalane Glatttal og Limmattal.
Kantonen Zürich har 1,22 millionar innbyggjarar - dei fleste av dei tysktalande og protestantiske - og eit areal på 1729 km². Storbyområdet kring Zürich har nesten to millionar innbyggjarar.The Zürich Metropolitan Areal: a motor for Europe , Stadt-zuerich.ch. Retrieved on 2010-03-10
mini|venstre|Kart over Zürich frå 1581.
Historie Zürich var opphavleg ei keltisk busetjing og hadde i romartida eit kastell som heitte Turicum. I høgmellomalderen låg det ei borg for dei tyske kongane og keisarane og i 1218 vart byen ein fri keisarby. I 1351 vart byen medlem av Det sveitsiske eidssambandet. I reformasjonstida var Zürich eit sentrum for protestantisme. Huldrych Zwingli innførte protestantisme her i 1523, og i åra som følgde vart bandet mellom kyrkja og styresmaktene i byen sterke.Thorsnæs, Geir. «Zürich: by» (23. november 2012). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. januar 2015. Konflikt mellom protestantiske og katolske område førte til dei to Kapellerkrigane i 1529 og 1531. Under Trettiårskrigen blei det bygd ein ny sterk bymur rundt byen. Kostnadane til dette førte til store protestar frå landområda underlagt byen; desse blei slått ned.
I 1648 erklærte Zürich seg som republikk. Han hadde makt over store landområde og var den viktigaste bykantonen utanom Bern. Landdistrikta i kantonen Zürich var fram til den helvetiske revolusjonen i 1798 underlagt byen utan at innbyggjarane her hadde politiske rettar. 1803-1805 blei Zürich og Zürich-kantonen skilde og eigedommane delte mellom dei. Frå 1830-åra vart dei fleste murane rundt byen rivne som eit symbol på tilnærminga mellom by og land. Motstand mot det radikale liberale styret i byen førte til ein reaksjonær oppstand den 6. september 1839, kjend som «Züriputsch».
I 1869 vart det innført ei demokratisk forfatning i byen. Børsen i Zürich vart skipa i 1877, og byen vart deretter eit viktig internasjonalt senter for finansvesen og industri. Før og under både første og andre verdskrigen vart byen tilfluktsstad for politiske flyktningar, særleg frå Tyskland og Russland. Zürich såg kraftig økonomisk vekst i etterkrigsåra.
mini|venstre|Grossmünster og rådhuset i Zürich. mini|Høghus i Zürich.
Næringsliv, utdanning og kultur Zürich har universitet, teknisk høgskole, finanssentrum og tekstil-, maskin- og grafisk industri. Fleire finansinstitusjonar og store bankar ligg i byen. Mange forskings- og utviklingssenter ligg òg i Zürich, og dei låge skattane trekkjer til seg mange utanlandske selskap som har hovudkvartera sine her.
Mange museum og kunstgalleri ligg i byen, som Det sveitsiske nasjonalmuseet, Kunsthaus, Centre Le Corbusier og Uhrenmuseum Beyer.Museums and galleries Zürich-relocation.ch. Henta 19. mars 2012 Schauspielhaus Zürich er eit av dei viktigaste teatera i den tysktalande verda.Zürich Culture worldtravelguide.net. Henta 19. mars 2012
Gamlebyen i Zürich har fire viktige kyrkjer: Grossmünster frå 1100-talet, som var utgangspunktet for den sveitsiske reformasjonen; Fraumünster, eit tidlegare nonnekloster, St. Peter, som fekk den største urskiva i Europa i 1538 og Predigerkirche i romansk stil med eit høgt klokketårn i gotisk stil.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Zurich» frå , den 8. januar 2015.
Bakgrunnsstoff
Offisiell turistside
Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Zürich Kategori:Stader ved Zürichsjøen Kategori:Frie riksbyar