Col de la Colombière er ein fjellovergang med ei høgd på 1 613 moh i Dei franske Alpane, Département Haute-Savoie. Vegen knyter saman Arve-dalen ved Cluses med Borne-dalen ved Le-Grand-Bornand. Derfrå går ein veg over ein liten rygg til Annecy eller over Col des Aravis til Arly-dalen. Vegen er ikkje viktig trafikalt, då det i begge tetningar går kortare og betre utbygde vegar gjennom dalane.

På nordsida ligg landsbyen Le Reposoir som er kjend for den spesielle osten reblochon som ofte blir brukt i den lokale ostefonduen.

Sykkelsport mini|Frå 7. etappe av Tour de France 2007: feltet passerer Col de la Colombière Col de la Colombière har stått på Tour de France-programmet i 20 gonger, seinast i 2010. Trass den beskjedne høgda er passet vanskeleg å sykle opp nordsida frå Scionzier. Over den 16,3 km lange klatringa stig vegen 1 108 m, dvs eit snitt på 6.8 %. Rett før toppen er stigninga 10.2 %. Frå Le Grand-Bornand er distansen 11,7 km og stig 690 høgdemeter, dvs med eit snitt på 5.9%.

1960 : Fernando Manzaneque 1968 : Barry Hoban 1975 : Vicente López-Carril 1978 : René Bittinger 1980 : Ludo Loos 1982 : Jean-René Bernaudeau 1983 : Jacques Michaud 1984 : Jérôme Simon 1985 : Luis Herrera 1987 : Eduardo Chozas 1990 : Thierry Claveyrolat 1991 : Thierry Claveyrolat 1994 : Piotr Ugrumov 1997 : Richard Virenque 2000 : Marco Pantani 2002 : Mario Aerts 2006 : Floyd Landis 2007 : Linus Gerdemann 2009 : Fränk Schleck 2010 : Christophe Moreau

Litteratur Roadbook Tour de France, Kristian Bauer, Bruckmann Verlag 2006 Peter Leisl, Die legendären Anstiege der Tour de France, Covadonga 2004 Serge Laget, Cols mythiques du Tour de France, L’Equipe 2005

Bakgrunnsstoff Høgdeprofil nordsida Høgdeprofil sørsida

Kategori:Fjellovergangar i Alpane Kategori:Fjellovergangar i Frankrike Kategori:Tour de France Kategori:Rhône-Alpes