William Henry Bragg () var ein engelsk fysikar.

Bragg er kjent for arbeida sine med røntgenspektrografi og analyse av krystallstrukturar ved hjelp av røntgenstråler, og vart for dette tildelt Nobelprisen i fysikk for 1915 saman med sonen William Lawrence Bragg.

Bragg konstruerte dei første krystallspektrometra, medan ein trur prinsippet som dei bygger på, Bragg-lova, vart utleidd av sonen. Dei vert rekna som grunnleggjarane av den vitenskapsgren som ein kallar strukturanalyse og som no ikkje berre omfattar bruk av røntgenstråler, men òg elektron- og nøytronstråler.

Han var professor i fysikk i Adelaide i Australsambandet frå 1886 til 1908, og frå 1909 til 1915 var han professor i Leeds. Frå 1915 til 1925 var han professor ved University College i London, og fram til 1942 Fullerian professor i kjemi ved The Royal Institution i London og leiar av Davy–Faradays forskningslaboratorium.

Prisar (utval) – Faradaymedaljen – Hughesmedaljen – Copleymedaljen – Nobelprisen i fysikk

Kjelder Denne artikkelen bygger på «William Henry Bragg» frå , den 21. februar 2012. William Henry Bragg. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 20. august 2013 frå http://snl.no/William_Henry_Bragg.

Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Britiske nobelprisvinnarar Kategori:Folk frå Cumbria Kategori:Elevar ved Trinity College i Cambridge Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Order of the British Empire Kategori:Order of Merit Kategori:Presidentar i Royal Society Kategori:Copleymedaljen Kategori:Presidentar i Physical Society Kategori:Krystallografar