James Chadwick () var ein britisk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1935 «for oppdaginga av nøytronet».

Han studerte 1913-1914 hos Hans Geiger i Tyskland og sat internering internert der under den første verdskrigen. Frå 1919 arbeidde han hos Ernest Rutherford ved Cavendish Laboratory i Cambridge og utførte eit pionerarbeid innan kjernefysisk forsking. Størst tyding fekk oppdaginga hans av nøytronet i 1932, eit arbeid han fekk Nobelprisen i fysikk for i 1935. 1935–1948 var han professor i Liverpool og deretter (1948–59) professor i Cambridge. Alt i 1939 byrja han å undersøkja høvet for å lage ei kjernefysisk bombe. Under krigen var han leiar for den britiske gruppa som deltok i Manhattanprosjektet, der han medverka til utviklinga av atombomba som seinare vart sleppt over Hiroshima under andre verdskrigen.

Utmerkingar og prisar (utval) 1966 – Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste – Faradaymedaljen – Copleymedaljen – Nobelprisen i fysikk – Hughesmedaljen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «James Chadwick» frå , den 21. februar 2012. oppgav desse kjeldene: James Chadwick. (28.02.2013) I Store norske leksikon.

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:Britiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Pour le Mérite Kategori:Folk frå Cheshire Kategori:Britiske kjernefysikarar Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Copleymedaljen Kategori:Fysikarar på 1900-talet