Rudolf Mössbauer () var ein tysk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1961 for oppdaginga si av Mössbauer-effekten i 1957. Prisen delte han med Robert Hofstadter som fekk han for andre oppdagingar.

Frå 1955 til 1957 var han stipendiat ved Max Planck-instituttet i Heidelberg og frå 1958 til 1960 var han i München. Han var professor ved California Institute of Technology i tidsrommet 1961-1964 og ved den tekniske høgskulen i München frå 1964.

Han har sidan vist korleis Mössbauer-effekten kan nyttast ved studium av atom- og kjernestrukturar og innan faststoffysikk og kjemi.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rudolf Mössbauer» frå , den 22. februar 2012. Rudolf Ludwig Mössbauer. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Rudolf_ludwig_m%C3%B6ssbauer

Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Tyske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Bayerischer Maximiliansorden für Wissenschaft und Kunst Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Albert Einstein-medaljen Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Tyske kjernefysikarar Kategori:Folk frå München Kategori:Pour le Mérite Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Medlemmar av Det pavelege vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet