George Fitzgerald Smoot III () er ein amerikansk astrofysikar og kosmolog. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2006 saman med John C. Mather. Dei mottok prisen for oppdaginga av den kosmiske mikrobølgjebakgrunnsstrålingens svartlekamform og anisotropi.

Han fullførte sin Ph.D. ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i 1970 og har frå 1970 vore forskar ved Lawrence Berkeley National Laboratory. Smoot gjorde sine første forsøk på å måle temperaturskilnader i den kosmiske bakgrunnsstrålinga i 1976 og greidde da å bestemme farten til jorda gjennom bakgrunnsstrålinga ved hjelp av utstyr plassert i eit U2 rekognoseringsfly. Han vart seinare leiar for den delen av COBE-prosjektet som dreidde seg om å måle temperaturskilnader i den kosmiske bakgrunnsstrålinga. Smoot annonserte i 1992 at forskningsgruppa hans hadde greidd å måle temperaturvariasjonar i strålinga som hadde oppstått omtrent 400 000 år etter big bang. Han mottok Nobelprisen i fysikk i 2006 saman med John C. Mather.

Prisar og utmerkingar (utval) – Nobelprisen i fysikk – Albert Einstein-medaljen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «George Smoot» frå , den 22. februar 2012.

Bakgrunnsstoff nobelprize.org, Kungliga Vetenskapsakademiens pressemelding

Kategori:USA-amerikanske astronomar Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Albert Einstein-medaljen Kategori:Folk frå Duval County i Florida Kategori:Folk frå Franklin County i Ohio Kategori:Kosmologar Kategori:Elevar ved Massachusetts Institute of Technology Kategori:Tilsette ved University of California, Berkeley Kategori:Astronomar på 1900-talet Kategori:Astronomar på 2000-talet