lang=nn|frame|Akselerasjonen er på eit tilfeldig punkt på ein fart-tid-graf gitt som gradienten til tangenten av dette punktet

I fysikk er akselerasjon eit mål på kor fort hastigheit endrar seg. Akselerasjonen vert definert som fartsendring per tidseining. Han er difor ein vektoriell storleik med dimensjon lengd/tid². Måleininga for akselerasjon uttrykt ved SI-einingar er m/s².

Akseleresjon kan vera positive eller negative, i tillegg til retningsemdring. Akselerasjon er definert som hastigheitsendringsraten til eit objekt med omsyn på tid» og kan uttrykkast

der

a er akselerasjonsvektoren

v er hastigheitsvektoren i m/s

t er tida i sekund.

Ein vanleg måte å måla konstant akselerasjon på er å måla hastigheita til ein lekam ved to ulike punkt i rommet, og så dela differansen mellom desse måleverdiane på tida lekamen brukar frå det eine til det andre punktet. Då brukar ein likninga:

der

er gjennomsnittsakselerasjonen (m/s²)

er fartsdifferansen (m/s)

er avslutningsfarta (m/s)

er tidsintervallet (s)

Tyngdeakselerasjon Tyngdeakselerasjonen er den akselerasjonen ein lekam har i fritt fall, på grunn av gravitasjonskrafta frå ein annan lekan (ein planet til dømes). Tyngdeakselerasjonen i gravitasjonsfeltet til jorda er om lag 9,81 m/s².

Retardasjon Retardasjon eller forseinking er det motsette av akselerasjon, og ein kan kalle det negativ akselerasjon. Når farten til ein lekam minkar, blir rørsla til lekamen sagt å vere retardert.

Kjelder retardasjon. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/retardasjon

Kategori:Fysiske storleikar Kategori:Dynamikk Kategori:Rørsle Kategori:Kinematikk