La finta semplice (Den falske dusten), K. 51 (46a) er ein opera buffa i tre akter for solistar og orkester, komponert i 1769 av den då 12 år gamle Wolfgang Amadeus Mozart til ein italiensk libretto av hoffdiktaren Marco Coltellini basert på eit tidlegare verk av Carlo Goldoni. Det vart framført på slottet til erkebiskopen av Salzburg 1. mai 1769.

Mozart komponerte musikken basert på ein komedie starta av Philippe Destouches med La fausse Agnès, ou le Poète campagnard (1734).

Operaen var eit slags tilbakeslag for Mozart, som elles i barndommen hadde hatt mykje suksess og var rekna som ei stjerne. Verket vart starta då keisar Josef II sa til far til Mozart, Leopold, då dei vitja hovudstaden Wien, at Wolfgang burde skrive ein opera for det keisarlege operaselskapet. Leopold tok oppfordringa som ei konkret bestilling og fekk Wolfgang til å setje i gang utan å ha ein kontrakt først. Då operaen var ferdig mislikte visstnok aktørane operaen,This is the view taken by Solomon (1995, p. ?). og forskjellige intriger gjorde til slutt at han ikkje vart sett opp i Wien. Leopold var sint og skreiv eit langt protestbrev til keisaren.The letter is reprinted in English translation in Deutsch (1965, pp. 80–83). Keisaren bestilte ei undersøking, men resultatet vart at operaen ikkje skulle setjast opp.Melograni (2007, p. 28)

Operaen vart sett opp i heimebyen deira, Salzburg, i staden.

Episoden i Wien vart etter kvart ganske øydeleggande for karrieren til Wolfgang. Under vitjinga i Wien vart mor til Josef II, keisarinne Marie Theresa, særs fiendtleg innstilt for Mozartfamilien. Keisaren var ein viktig slektning til mange monarkar og aristokratar som kunne ha gjeve Wolfgang ei permanent stilling.

Roller RolleStemmePremierebesetning, 1. mai 1769Planlagt besetning, 1768 (Wien)Fracasso, ein ungarsk kaptein budde med Cassandro tenorJoseph MeissnerFilippo LaschiRosina, syster hans, ei baronesse sopranMarie Magdalena HaydnCassandro, ein tyrannisk kvinnehatarbassJoseph HornungFrancesco CarattoliPolidoro, den nervøse bror hanstenorAnton Franz SpitzederGiacinta, syster deiramezzo-sopranMarie Anna BraunhoferSimone, ordonnansen til Fracasso, forelska i Ninetta bassFelix WinterNinetta, hushjelpa til GiacintasopranMarie Anna FesemayerAntonia Bernasconi

Ariaer

Akt 1 "Chi mi vuol bene" – Ninetta "Colla bocca e non col core" – Rosina "Cosa ha mai la donna indosso" – Polidoro "Ella vuole ed io torrei" – Cassandro "Guarda la donna in viso" – Fracasso "Non c'è al mondo" – Cassandro "Marito io vorrei" – Giacinta "Senti l'eco ove t'aggiri" – Rosina "Troppa briga a prender moglie" – Simone Akt 2 "Con certe persone" – Simone

"Ho sentito a dir di tutte" – Rosina "In voi belle è leggiadria" – Fracasso "Sposa cara" – Polidoro "Ubriaco non son io" – Cassandro "Un marito, donne care" – Ninetta "Se a maritarmi arrivo" – Giacinta "Amoretti che ascosi" – Rosina Akt 3 "Che scompiglio" – Giacinta "Nelle guerre d'amore" – Fracasso "Sono in amore" – Ninetta "Vieni, vieni, o mia Ninetta" – Simone

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «La finta semplice» frå , den 1. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Deutsch, Otto Erich, Mozart: A Documentary Biography. Stanford, CA: Stanford University Press, 1965 Melograni, Pietro, (Trans. Lydia G. Cochrane), Wolfgang Amadeus Mozart: a Biography. Chicago: University of Chicago Press, 2007 ISBN 0226519562, 9780226519562 Solomon, mainard, Mozart: A Life, 2005

Bakgrunnsstoff

An opera buffa in three acts The Pretended Simpleton Libretto of La finta semplice Mozart's 'La finta semplice', Online article at the NPR, juni 29, 2007

Kategori:Operaer av Wolfgang Amadeus Mozart Kategori:Opera buffa Kategori:Italienskspråklege operaer Kategori:Musikk i 1769 Kategori:Operaer frå 1700-talet