Il re pastore (Gjetarkongen) er ein opera, K. 208, skriven av Wolfgang Amadeus Mozart til ein italiensk libretto av Metastasio, redigert av Gianbattista Varesco. Det er ein opera seria. Operaen vart først framført den 23. april 1775 i Salzburg, på slottet til erkebiskop grev Hieronymus von Colloredo.

I 1775 vart operaen bestilt for eit besøk av erkehertug Maximilian Franz av Austerrike, den yngste sonen til keisarinna Maria Teresia til Salzburg. Mozart brukte seks verker på operaen. Han bestod av to akter og varte omkring 110 minutt.

Metastasio skreiv librettoen i 1751, basert på eit verk av Torquato Tasso kalla Aminta. Librettoen vart plukka opp då Mozart (berre 19 år på den tida) og faren såg ei framsyning med musikk av Felice Giardini – Mozart-versjonen har to akter i staden for Giardini sine tre, og det var fleire store endringar.

Verket vert ofte ikkje kalla ein opera, men ein serenata, ein slags dramatisk kantate.

Roller RolleStemmePremierebesetning, 23. april 1775(Dirigent: Wolfgang Amadeus Mozart )Aminta, ein gjetar, rettmessig arving til Sidonsopran (kastrat)Tommaso ConsoliElisa, Fønikisk gjetarinnesopranMarie Anna FesemayrTamiri, dotter til ein avsett tyrann, Stratone sopranMarie Magdalena LippMarie Magdalena Lipp var gift med Michael Haydn. Ho hadde også skapt rolla Barmherzigkeit i Mozart sitt fyrste syngespel, Die Schuldigkeit des ersten Gebots, der ektemannen hennar hadde komponert den andre delen som no er tapt./Marie Anna BraunhoferI nokre kjelder.Agenore, Sidonisk aristokrattenorFelix HofstätterAlessandro, Konge av MakedoniatenorFranz Anton Spitzeder

Ariar

Akt 1 "Intendo, amico rio" – Aminta "Alla selva, al prato" – Elisa "Aer tranquillo e di sereni" – Aminta "Si spande al sole in faccia" – Alessandro "Per me rispondete" – Agenore "Di tante sue procelle" – Tamiri

Akt 2 "Barbaro! oh Dio mi vedi" – Elisa "Se vincendo vi rendo felici" – Alessandro "L'amerò, sarò costante" – Aminta "Se tu di me fai dono" – Tamiri "Sol può dir come si trova" – Agenore "Voi che fausti ognor donati" – Alessandro

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Il re pastore» frå , den 1. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Amadeus Almanac (23 april 1775)

Bakgrunnsstoff

Il rè pastore, introduction and synopsis at The Mozart Project Complete recording at Mozart Archiv "L'amerò, sarò costante" at Mozart Archiv , audio recording by Lucia Popp "Il Re pastore": Libretto

Kategori:Operaer av Wolfgang Amadeus Mozart Kategori:Italienskspråklege operaer Kategori:Opera seria Kategori:Musikk i 1775 Kategori:Operaer frå 1700-talet