Antonio Salieri () var ein italiensk komponist og dirigent.

Biografi

Han vaks opp i Legnago og studerte fiolin og cembalo med broren sin Francesco, som studerte under Giuseppe Tartini. Etter at foreldra døydde tidleg flytta han til Padova og seinare til Venezia der han studerte generalbass under Giovanni Battista Pescetti. I Venezia møtte han Florian Leopold Gassmann, som i 1766 inviterte han til Wien, der Salieri budde resten av livet sitt. Keisar Josef II utnemnde han til hoffkomponist i 1774, og frå 1788-1824 var han kongeleg kapellmeister.

Verk

Salieri er mest kjend for operaene sine, men òg kammermusikken og kyrkjemusikken sin. Dei mest suksessfulle av hans meir enn 40 operaer inkluderer Europa riconosciuta (1774), Armida (1771), La scuola de' gelosi (1778), Der Rauchfangkehrer (1781), Least Danaïdes (1784), Tarare (1787), Axur, Re d'Ormus (1788), Palmira, regina di Persia (1795), og Falstaff (1799).

Musikken til Salieri forsvann sakte frå repertoara mellom 1800 og 1868, men fekk eit oppsving på slutten av 1900-talet etter den dramatiske og høgt fiksjonaliserte rolla til Salieri i Amadeus (skodespel i 1979 av Peter Shaffer og filmen Amadeus i 1984 av Milos Forman), som var laust basert på biografiane om Salieri og Wolfgang Amadeus Mozart.

Elevar Ludwig van Beethoven Luigi Cherubini Carl Czerny Joseph Leopold Edler von Eybler Johann Nepomuk Hummel Anselm Hüttenbrenner Franz Liszt Giacomo Meyerbeer Franz Xaver Wolfgang Mozart Franz Schubert Franz Xaver Süßmayr Joseph Weigl

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Antonio Salieri» frå , den 2. mars 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Klassisistiske komponistar Kategori:Operakomponistar Kategori:Italienske komponistar Kategori:Italienske dirigentar Kategori:Folk frå provinsen Verona