Anna Jacobsen (), sørsamisk Jaahkenelkien Aanna, var ein norsk forkjempar for sørsamisk kultur og språk. Ho kom opphavleg frå Majavatn i Grane kommune, men budde mykje i Hattfjelldal.

Biografi

Anna Kappfjell kom frå ein sørsamisk familie som dreiv med reindrift sør i Nordland. Far hennar var ein av føregangsmennene for samisk organisering. Dei snakka sørsamisk heime, og Anna lærte ikkje norsk før ho tok til på sameskulen på Havika utanfor Namsos i Nord-Trøndelag på 1930-talet.

I godt vaksen alder tok ho artium, og hadde då sørsamisk som sidemål. Ho studerte både nordsamisk, tysk og sørsamisk på universitetet, og vart den fyrste som nokon gong tok eksamen på sørsamisk. I Majavatn tok ho til å arrangera såkalla «språkreir» for unge samar, der det berre var lov å snakka samisk. Anna Jacobsen underviste også i samisk ved fleire skular.

Hattfjelldal fekk eigen samisk skule fyrst i 1951, og då det var snakk om nedlegging på 1970-talet, kom Jacobsen aktivt med i kampen for å verna om sameskulen i Hattfjelldal. Dessutan var ho talskvinne for å skipa eit eige samisk kultursenter i bygda, som er eit sentrum for sørsamane.NRK Nordland Fylkesleksikon: Sørsamene i Hattfjelldal, av Per Bjørn Pedersen I mai 1987 vart kultursenteret i Hattfjelldal, i dag kjent som Sitji Jarnge, offisielt innvigt.Sitji Jarnge - historikk Namnet tyder Det samiske samfunnets midtpunkt.Sitji Jarnge Anna Jacobsen var også aktivt med i arbeidet for å skipa eit sørsamisk teater. Åarjelhsaemien Teatere vart skipa i 1985, og dekkjer i dag alle dei fire sørsamiske fylka: Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Hedmark.Åarjelhsaemien Teatere

Frå 1987 til 1991 var Anna Jacobsen språkkonsulent for Samisk Utdanningsråd. Ho gav ut fleire ordbøker på sørsamisk, skipa sitt eige forlag og hadde ansvar for sørsamiske innslag på NRK ein periode. Saman med Bierna Bientie omsette ho Markusevangeliet til sørsamisk. Omsetjinga fekk tittelen Jupmelen rijhke lea gietskesne (Guds rike er nær), og vart utgjeven av Bibelselskapet i 1993. I Salmer 1997 har Anna Jacobsen omsett fire tekstar til sørsamisk.

Prisar og utmerkingar

Hattfjelldal kommunes kulturpris. Anna Jacobsen vart utnemnd til æreslektor ved Høgskolen i Nesna. Kongens fortenestmedalje i sølv. 1997: Bibelprisen saman med Bierna Bientie for deira arbeid med å omsetja Markusevangeliet til sørsamisk.Bibel.no: Bibelprisvinnere. 1998: Nordland fylkes kulturpris.NRK.no: Nordland fylkeskommunes kulturpris

Kjelde

Anna Jacobsen i bokmålswikipedia, henta inn 6. mars 2012.

Fotnotar

Kategori:Kongens fortenestmedalje i sølv Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Folk frå Grane Kategori:Folk frå Hattfjelldal Kategori:Sørsamar Kategori:Norske salmediktarar Kategori:NRK-tilsette Kategori:Samiske forfattarar Kategori:Norske forleggjarar