Emme er ei elv i Sveits. Ho spring ut i Alpane mellom fjella Hohgant og Augstmatthorn i kantonen Bern. Emme er 80 kilometer lang og renn gjennom Emmental og ut i Aare nedanfor Solothurn. Nedslagsfeltet er 983 km². Middelvassføringa ved munningen er kring 20 kubikkmeter per sekund og den maksimale vassføringa kan vere opp mot 500 kubikkmeter per sekund.

Emme er kjend for brå endringar i vassføringa. Forteljinga Die Wassernot im Emmental (Flaumen i Emmental) av Jeremias Gotthelf skildrar ein av dei mest kjende flaumane, som skjedde 13. august 1837. Denne og andre flaumar gjorde at det vart bygd mange kanalar og demningar på 1800-talet.

Sideelvane til Emme er Ilfis og Limpach.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Emme (river)» frå , den 7. mars 2012.

Kategori:Elvar i Sveits Kategori:Sideelvar til Aare