Limmat er ei elv i Sveits. Ho er eit framhald av elva Linth og skiftar namn til Limmat ved avløpet til Zürichsjøen i byen Zürich. Frå Zürich renn ho nordvestover, og etter 35 km munnar ut i Aare. Samløpet ligg nord for småbyen Brugg og like etter munningen til Reuss.
mini|venstre|Aare (til venstre) og Limmat Dei største byane langs Limmatdalen nedanfor Zürich er Dietikon, Wettingen og Baden. Dei største sideelvane hennar er Sihl (i Zürich) og Reppisch (i Dietikon).
Som mange sveitsiske elvar vert ho nytta mykje til vasskraft og langs den 35 km lange leia er det ikkje mindre enn ti vasskraftverk.
Namnet Limmat kjem frå ein kombinasjon av namna til elvane Linth og Maag, dei største elvane som renn ut i Zürichsjøen før Linthkanalen vart bygd.
Byar nær elva I kantonen Zürich: Zürich Oberengstringen Unterengstringen Schlieren Dietikon Geroldswil Oetwil an der Limmat I kantonen Aargau Spreitenbach Würenlos Neuenhof Wettingen Baden Ennetbaden Nussbaumen Untersiggenthal Turgi
Bakgrunnsstoff
Kategori:Elvar i Sveits Kategori:Geografi i Zürich Kategori:Sideelvar til Aare