Valser-Rhinen er ei av kjeldeelvane til Rhinen i kantonen Graubünden i Sveits. Elva spring ut frå Läntabreen og Grauhornbreen på nordsida av Rheinwaldhorn og renn først gjennom Läntadalen før ho renn ut i Zervreilasee-reservoaret. Før reserovaret vart bygd, rann bekkane Hornbach og Canalbach ut i Valser Rhinen frå høgre ved landsbyen Zervreila. I dag renn desse ut i reservoaret. Det same gjer Finsterbach.

Nedanfor Zervreila-dammen, renn Valser Rhinen gjennom Valserdalen og kommunen Vals. Før landsbyen Vals, renn Peiler Bach inn i Valser-Rhinen, nedanfor landsbyen, Tomülbach frå Tomülpasset kjem inn frå høgre. Valser-Rhinen renn forbi St. Martin og renn saman med Glenner i Suraua. Fleire kilometer lenger ned munnar Glenner ut i Vorderrhein .

Valser-Rhinen dannar mange stryk og fossefall, og er ei populær elv for kajakkpadling.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Valser Rhine» frå , den 8. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Den tyske versjonen av artikkelen

Kategori:Elvar i Sveits Kategori:Rhinenvassdraget Kategori:Geografi i Graubünden