Emmental er eit område vest i det sentrale Sveits, og ein del av kantonen Bern. Det er eit åslendt landskap som består av nedslagsfelta til elvane Emme og Ilfis. Regionen er hovudsakleg eit jordbruksområde, særleg meieridrift. Av kjende byar i området finn ein Burgdorf og Langnau.
Det består av distrikta Burgdorf, Trachselwald og Signau i kantonen Bern og Emmental vart ein del av den administrative regionen Emmental-Oberaargau den 1. januar 2010. Distriktet Fraubrunnen er delt mellom Emmental og Bern-Mittelland.
Den originale emmentalosten vert produsert her, og meieriindustrien dominerer stadig den lokale økonomien.
Kultur
Typiske gardshus i Emmental har eit bratt tak med overheng som nesten når bakken.
Forfattaren Jeremias Gotthelf (1797–1854) var pastor i Emmental, og skreiv om regionen.
Emmental spelte også ei viktig rolle i historia til mennonittane.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Emmental» frå , den 8. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Den tyske versjonen av artikkelen.
Bakgrunnsstoff
Turisme i Emmental
Kategori:Dalar i Sveits Kategori:Geografi i Bern