Velvendós (gresk Βελβεντός) er ein distriktsby og ein kommune i periferieininga Kozáni i Vest-Makedonía i Hellas. Han ligg søraust for Kozáni og grensar i aust mot periferieiningane Pélla og Piería i periferien Sentral-Makedonía.
Administrativ inndeling Fram til 2011 var Velvendós eigen kommune, og vart då innlemma som ei kommunaleining i kommunen Sérvia-Velvendós. I 2019 vart han igjen eigen kommune.
Ved folketeljinga i 2021 hadde den noverande kommunen Velvendós 3 057 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 2 913 innbyggjarar.
Busetnader Busetnadene i kommunen er: Tettstad Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Velvendós 3 360 2 913 Katafýji 28 57 Ajía Kyriakí 14 37 Paleográtsano 39 36 Polýfyto 7 14
Referansar
Velvendos Velvendos Velvendos