Toggenburg er den øvre dalen i Thur i kantonen St. Gallen i Sveits. Dalen er òg ein valkrins i kantonen.
Dalen går nordvestover frå vassdraget mellom Rhinen og Thur, og grensar i aust til Säntis og i sørvest til Churfirsten og Speer. Det er ein frodig dal som er kring 45 km lang frå kjelda til elva Wil ved jernbanelinja mellom Winterthur and St. Gallen.
Den høgasteliggande landsbyen i dalen er Wildhaus der den sveitsiske reformatoren Huldrych Zwingli vart fødd i 1484. Andre landsbyar er Lichtensteig, Kirchberg og Wattwil.
Dei 16 kommunane i valkrinsen er Bütschwil, Ebnat-Kappel, Ganterschwil, Hemberg, Kirchberg, Krinau, Lichtensteig, Lütisburg, Mosnang, Neckertal, Nesslau-Krummenau, Oberhelfenschwil, Stein, Wattwil og Wildhaus-Alt St. Johann. Valkrinsen Toggenburg mini|venstre|Kart over valkrinsen Toggenburg Valkrinsen Toggenburg vart danna då den nye kantonsskipnaden av 10. juni 2001 tredde i kraft frå 2003. I valkrinsen på 489 km² budde 45 056 menneske i 2010.
Valkrinsen omfattar 14 kommunar. Dei to mest folkerike kommunane i valkrinsen har kvar vel 8 000 innbyggjarar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Toggenburg» frå , den 10. mars 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Turistinfirmasjon
Kategori:Regionar i Sveits Kategori:Rhinenvassdraget Kategori:Distrikt i St. Gallen