Halvøya Kaikoura Peninsula ligg nordaust på Sørøya på New Zealand. Ho strekkjer seg fem kilometer ut i Stillehavet sør for byen Kaikoura i Canterbury.
Māoriar har budd på halvøya i snart 1000 år. Dei brukte henne som ein base for jakt på moa, og hausta også mengder av languster som fanst langs strendene. I segnene er det frå denne halvøya den legendariske helten Māui skal ha drege opp den store fisken som vart til Nordøya.
Gjennom det 19. hundreåret vart det oppretta europeiske kvalfangst stasjonar i dette området. I seinare tid har kvalbesøk til halvøya fått vera uforstyrra, og kvalsafariar har vorte ein populær aktivitet innanfor økoturismen. Kvalane kjem til dette kystområdet fordi blekksprutar og andre djupvass-dyr vert tvinga opp or den djupe renna Hikurangi Trench og til overflata gjennom samverknaden mellom havstraumane og den bratt stigande havbotnen. Her er også observasjonar av vandrealbatross som beiter i dette farvatnet året rundtShihirai 2002 p.90 BirdLife International (2008).
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Kaikoura Peninsula» frå , den 11. mars 2012.
Kategori:Kaikoura District Kategori:Halvøyar på New Zealand