Blatten er ein kommune i distriktet Vest-Raron i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 1542 meter over havet.

Kommunen ligg i Lötschental sør for Bern-Alpane. Han består av landsbyen Blatten og grendene Eisten, Ried og Weissenried.

28. mai 2025, klokka 15:24 CEST, blei kring 90 % av Blatten øydelagt av eit jordskred forårsaka av Birch-breen. Eit seismisk signal tilsvarande eit jordskjelv med magnitude 3,1 blei målt då skredet fann stad . Eit område med ei lengd på kring 2 km, ei breidd på 200 meter og ei djupne på 200 meter blei dekt av rasmasse. Is, jord og stein demma opp Lonzaelva og danna ein sjø. Mindre skred i vekene før hadde ført til ei delvis evakuering av landsbyen den 17. mai 2025 og så ei fullstendig evakuering den 19. mai 2025, slik at så godt som alle innbyggjarane blei redda. Ein person blei rapportert sakna.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Blatten» frå , den 16. mars 2012.

Bakgrunnsstoff

Sveits: Landsby begravd i skred – nå truer en flodbølge. NRK.no. The Swiss village wiped off the map by a glacier. BBC.co.uk.

Kategori:Kommunar i Valais Kategori:Vintersportstader i Sveits