Høgskulen i Volda (HVO) ligg i Volda sentrum i Volda kommune i Møre og Romsdal.
Høgskulen i Volda er ein statleg høgskule i Noreg. Han vart etablert 1. august 1994 etter at det vart vedteke å slå saman dei to statlege høgskulane i Volda som ein del av Høgskulereforma i 1994. Høgskulane som fusjonerte var Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda og Volda lærarhøgskule.
Høgskulen er kjend for å ha lærar- og medieutdanning. I tillegg kan ein ta fag- og profesjonstudiar innan humanistiske fag og samfunnsfag. Faga kan takast i varierande omfang, frå halvtårseiningar til bachelorgrad, mastergrad og nokre doktorgradstudium, og ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Rektor er Odd Helge Mjellem Tonheim (sidan 2023).
Avdelingar Høgskulen har fire avdelingar: Kulturfag Mediefag (inkluderer bachelorgradene i journalistikk, PR og kommunikasjon, medieproduksjon og animasjon) Humanistiske fag og lærarutdanning Samfunnsfag og historie
Høgskulen tilbyr internasjonalisering av studiar, og studentane har høve for å ta delar av den ordinære utdanninga si i utlandet ved eit av partneruniversiteta til høgskulen.
Studentlag
Organisasjoner som har studentlag ved høgskulen i Volda er blant andre: Amnesty International Changemaker Den Norske Dokumentarfilmfestivalen Fellesorganisasjonen (FO) Høgskulekoret International Students Union (ISU) KRIK Norsk kommunikasjonsforening Norsk Journalistlag Norsk Målungdom, studentmållag Pangaia Pedagogstudentene Peikestokken Press PR-studentane RE:ACT Studentradio Student-TV Symfoniorkesteret Volda studentidrettslag (VSI) Volda kristelige studentlag (VOKS) Studentsamfunnet i Volda
Tidligare kjente studentar
Margreth Olin Anders Tvegård Mah-Rukh Ali Guri Solberg Kari Lise Holmberg Asmund Kristoffersen Anne Berit Vestby Ingvild Bryn Thomas Numme Åsmund L. Strømnes Kaare Fostervoll Alv Jakob Fostervoll Inge Krokann Øyvind Alsaker Synnøve Halkjelsvik Silje Therese Reiten Nordnes Rasmus A. Sivertsen Ørjan Håskjold Nyland Jakob A. Lothe Sylvi Listhaug Erik Solbakken Unni Straume Cecilie Skog Helene Sandvig Espen Graff Pål Gordon Nilsen Jon Hustad
Rektorar ved Høgskulen i Volda 1994–1997: Sverre Måseidvåg 1997–2007: Gunnar Stave 2007–2011: Jørgen Amdam 2011–2015: Per Halse 2015–2023: Johann Roppen 2023– : Odd Helge Mjellem Tonheim
Sjå også Studentsamskipnaden i Volda Professorar ved Høgskulen i Volda Bygningar ved Høgskulen i Volda
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Studentsamskipnaden i Volda
Kategori:Utdanning i Møre og Romsdal Kategori:Volda kommune Kategori:Skipingar i 1994 Kategori:Statlege høgskular i Noreg