Laga (skotsk-gælisk Làga) er ein liten landsby på nordbreidda av Loch Sunart i Lochaber i den skotske regionen Highland. Laga er ein aktiv landsby som inneheld tre oppegåande verksemder: Ardnamurchan Charters Ltd, Laga Farm og Laga Fishfarm.

Laga-bukta er truleg forma av breerosjon grunna den store U-dalen som fører ned til bukta. Her finst eit rikt dyreliv, m.a. havoter, kongeørn, mår, svært mykje sjøfugl og småfugl samt ei stor mengd med hjort. Husa i Laga er både heilårsbustader og sommarhus eller feriehus. Her finst ein postboks og eit drikkevasstjørn opp åssida. Tjørnet heiter Loch Laga og er rikt på fisk. I sommarmånadene kjem store makrellstimar opp til Laga-bukta på leit etter føde.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Laga, Lochaber» frå , den 21. mars 2012.

Kategori:Byar og landsbyar i Highland