Lillian Odny Clausen Mangerøy () var ein norsk forfattar. I forfattarskapen sin kombinerte ho eit frilynt kristent livssyn med eit kvinnepolitisk engasjement.
Ho debuterte i 1981 med Berre eit menneskebarn, som ho fekk Melsom-prisen for. Handlinga i romanen er lagt til eit bygdemiljø i Nordhordland, og boka skildrar armod, slit og barnemishandling. Den neste boka, Kvinnehuset, kom i 1982, og er om eit kvinnekollektiv i eit pietistisk landsens miljø. I 1984 kom romanen Elisabeth, som eit frittståande framhald til debutboka. Denne fekk ho Sunnmørsprisen for. Nådetid frå 1987 er forfattarskapens høgdepunkt, og litteraturkritikaren og -historikaren Øystein Rottem kalla han «'ein religiøs danningsroman av betydeleg litterær verdi'». Sidan kom romanane Soga om Lena (1992), Heltane (1994) og Sigerstolen (1995).
Mangerøy var busett i Fyllingsdalen.
Bøker 1981 – Berre eit menneskebarn – roman 1982 – Kvinnehuset – roman 1984 – Elisabeth – roman 1987 – Nådetid – roman 1992 – Soga om Lena – roman 1994 – Heltane – roman 1995 – Sigerstolen – roman
Litterære prisar Melsom-prisen i 1982 for Berre eit menneskebarn Sunnmørsprisen i 1984 for Elisabeth
Referansar
Bakgrunnsstoff Intervju med Lillian Clausen Mangerøy på nettstaden til Bergen Offentlige Bibliotek Øystein Rottem: «Lillian C. Mangerøy: «Nådetid» : Skyldfølelsens pinebenk» i Fantasiens tiår : tekstens illusjoner og desillusjonens tekster : et utvalg litteraturkritikk 1980-89 Digitaliserte bøker av Lillian Clausen Mangerøy hjå Nasjonalbiblioteket
Kategori:Folk frå Lindås Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1981 Kategori:Forfattarar frå Hordaland Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Vinnarar av Sunnmørsprisen