Guro Sandsdalen () var ein norsk forfattar.

Ho debuterte i 1972 med Dagbok frå ein drabantby.Iver Tore Svenning: «Spinkel hverdagslighet» Aftenposten 29. desember 1972, s. 4 Boka handla om livet i drabantbyen Klyve i Skien kommune, der Sandsdalen budde. Ho fekk seinare gjeve ut to diktsamlingar på Det Norske Samlaget, Saras rike på Ansgar forlag og romanen Asle og Frida på forlaget Ex Libris. I tillegg gav ho sjølv ut eit hefte kalla Juksebøn med sjølvbiografiske «historier frå gamle dagar».

Det vart oppretta eit minnefond etter henne som gjekk til årleg utdeling av Guro Sandsdalens litteraturpris til ein yngre forfattar som arbeidde for å utvikle og utbreie nynorsk skriftkultur.

Bøker 1972 – Dagbok frå ein drabantby 1976 – Saras rike 1978 – Koppebrot – diktsamling 1980 – Krukka i graset – diktsamling 1987 – Asle og Frida – roman ? – Juksebøn

Referansar

Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Guro Sandsdalen hjå Nasjonalbiblioteket Utgjevingar av Guro Sandsdalen i BIBSYS Ask

Kategori:Folk frå Seljord Kategori:Folk frå Skien Kategori:Forfattarar frå Telemark Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1972 Kategori:Nynorskforfattarar