Kystgeita er ein sterkt truga norsk husdyrrase. Geiterasen vert halden for kjøtet sin del. Dei fleste bukkekjea vert kastrert. Ribbe til pinnekjøt og spekelår frå 3-4 år gamle kastrater er det mest ettertrakta produktet. Kystgeita har berre overlevd som husdyr i små populasjonar i Selje kommune. Der finst òg forvilla kystgeiter på øyene Skorpa og Sandsøya i Møre og Romsdal. I Selje er det att om lag 180 avlshodyr av kystgeita. Norsk genressurssenter held rasen for å vere sterkt truga.

Kjelder

Utstilling om Kystgeita, Skog og landskap 2010 Artsskildring, kystgeit, Skog og landskap Betre tider for kystgeita, Landbruks- og matdepartementet 2010

Kategori:Norske husdyr Kategori:Geiter Kategori:Småfe