mini|Ubtreiingsområdet for wukinesisk. mini|Kinesiske dialektar og språk Wukinesisk eller berre wu er eit kinesisk språk eller ei dialektgruppe som blir snakka av rundt 77 millionar menneske i Wu-regionen rundt Shanghai, sørlege Jiangsu, Zhejiang og ein del av Anhui aust i Kina. Wukinesisk blir også snakka i fleire utvandrarmiljø.
Sammenlikna med mandarinkinesisk har wu-dialektane eit noko ulikt ordforråd, tidvis ei anna ordstilling og fleire språktonar. Dialektane i Shaoxing og Wenzhou har åtte tonar medan shanghainesisk har fem.
Dialektgrupper Wukinesisk blir gjerne delt inn i seks hovuddialektar:
Tàihú 太湖: Sør-Jiangsu og nord-Zhejiang. Her høyrer mellom anna shanghainesisk, suzhouhua, wuxihua, changzhouhua, hangzhouhua, ningbohua og shaoxinghua til. Táizhōu 台州: I Zhejiang Dōng'ōu 东瓯: I Wenzhou (Zhejiang) Wùzhōu 婺州: I og rundt Jinhua (Zhejiang) Chùqú 处衢: I og rundt Lishui og Quzhou (Zhejiang) Xuānzhōu 宣州: I og rundt Xuancheng (Anhui)
Bruk Nokre kjende wutalarar er Chiang Kai-shek, Lu Xun og Cai Yuanpei. Språket blir brukt i Shaoxing-opera og i framføringar av den populære utøvaren Zhou Libo.
Wukinesisk har elles låg status i høve til det offisielle mandarinkinesisk. Det er ikkje offentleg anderkjend i Kina, og blir i dag ikkje brukt i skular eller offentleg samanheng. Ei rekkje tv-program blir laga på wuspråk, men offisielle retningsliner seier at desse ikkje kan kringkastast i beste sendetid.Song Wei,«Dialects to be phased out of prime time TV» (chinadaily.com.cn), 2011-01-14
Bakgrunnsstoff Yuen Ren Chao [Zhào Yuánrèn 赵元任]: «Contrastive aspects of the Wu dialects», i: Language 43:1 (1967), s. 92-101. Jerry Norman: Chinese, Cambridge, 1988. Zhào Yuánrèn 赵元任: Xiàndài Wúyǔ de yánjiū 《现代吴语的研究》 (Studiar av dei moderne Wu-dialektane, 1928). Qián Nǎiróng 钱乃荣: Dāngdài Wúyǔ yánjiū 《当代吴语研究》 (Studiar av Wu-dialektane i samtida, 1992).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wu (språk)» frå , og «Wu Chinese» frå den 30. mars 2012.
Kategori:Tonespråk Kategori:Jiangsu Kategori:Zhejiang Kategori:Shanghai Kategori:Anhui Kategori:Einskildspråk