mini|Kysten av Kungsbackafjorden, nær Tjolöholm slott. Kungsbackafjorden er ein fjord og eit naturreservat i Hallands län, vest i Sverige. Fjorden er om lag 10 km lang. Han grensar i vest til Onsalahalvøya og i aust til soknet Fjärås. Elvane Rolfsån og Kungsbackaån munnar ut i fjorden som opnar ut mot Kattegat.

Kungsbackafjordens naturreservat vart oppretta i 2005 og dekkjer eit område på 5200 hektar, og er ein del av nettverket Natura 2000. Meir enn 240 fugleartar er observert, som raudstilk, gulerle, toppand og den sjeldne lappfiskanda.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kungsbacka Fjord» frå , den 31. mars 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Skipingar i 2005 Kategori:Fjordar i Sverige Kategori:Naturreservat i Sverige