Ástor Piazzolla () var ein argentinsk komponist og bandoneonist. Gjennom livet sitt komponerte han i fyrste rekkje tangomelodiar, men også operaer, filmmusikk og teatermusikk. Store Norske Leksikon om Astor Piazzolla
Biografi
Ástor Piazzolla vart fødd inn i ein italienskætta familie i Mar del Plata i Argentina. I ung alder flytte han med familien til byen New York, der han fekk mange musikalske impulsar og lærte å spela bandoneon (ein argentinsk variant av trekkspel). I 1937 vendte han attende til heimlandet, der han opptredde mykje med bandoneon saman med andre tangomusikarar på nattklubbar i Buenos Aires. Han møtte også pianisten Arthur Rubinstein, som oppfordra den unge Piazzolla til å studera under komponisten Alberto Ginastera. Dette rådet fylgde han. I 1950-åra tok Piazzolla for alvor til med komposisjon; i 1950 komponerte han filmmusikken til tangofilmen Bólidos de acero.
I 1953 oppfordra Ginastera Piazzolla til å delta i ei komposisjonstevling, og Piazzolla sendte inn symfonien Buenos Aires (1953). Han vann eit stipend for å reisa til Paris og studera komposisjon under Nadia Boulanger. Han reiste dit i 1954. Boulanger hjelpte han til å finna sin eigen særeigne stil, og ikkje freista å bli som komponistane han hadde studert. Han tok opp element frå både jazz og klassisk musikk og skapte det han kalla tango nuevo.
Året etter starta Piazzolla opp ein tango-oktett i Buenos Aires, som heldt det gåande i mange år. Frå 1976 - 1983, under militærdiktaturet i Argentina, budde Piazzolla i Italia, men kom på vitjing til heimlandet mange gonger. Han døydde i Buenos Aires i 1992.
Piazzolla var gift to gonger. Fyrste gongen var med artisten Déde Wolff, som han fekk to born med. På 1970-talet gifte han seg med Laura Escalada, og dei heldt saman fram til Piazzolla døydde. Også norske musikarar har spelt musikken til Piazzolla, m.a. Per Arne Glorvigen, Atle Sponberg, Sverre Indris Joner og Kåre Jostein Simonsen.
Verk i utval
1943: Suite para cuerdas y arpas 1946: El desbande 1952: Rapsodía porteña 1953: Buenos Aires 1954: Sinfonietta 1959: Adiós Nonino 1963: Tres tangos sinfonicos 1965: La Serie del Ángel 1969: Balada Para Un Loco 1969: María de Buenos Aires 1970: El pueblo joven 1972: Oblivion 1973: Libertango 1975: Suite Troileana 1976: 500 motivaciones 1979: Concierto para bandoneón 1982: Le grand tango 1986: El exilio de Gardel
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på stoff frå «Ástor Piazzolla» frå og «Ástor Piazzolla» frå , den 3. april 2012.
Fotnote
Kategori:Argentinske komponistar Kategori:Musikarar frå New York City Kategori:Tango Kategori:Trekkspelarar