Arne Lundby () var ein norsk fysikar. Lundby er kjend for fleire arbeid innan eksperimentell kjernefysikk og elementærpartikkelfysikk, særskild for arbeid utført med høgenergi partikkelakseleratorar.

Han studerte i Birmingham og Chicago i åra 1946 til 1950 og tok doktorgraden ved Universitetet i Birmingham i 1948.

Han arbeidde først som avdelingsleiar ved Institutt for atomenergi på Kjeller og frå 1958 var han forskingsleiar ved det europeiske forskingssenteret CERN i Genève. Han vart professor ved Universitetet i Oslo frå 1966.

Kjelder

Kategori:Vitskapsfolk frå Oslo Kategori:Norske fysikarar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Folk tilknytte CERN