Senegal er ein republikk i Vest-Afrika. Landet grensar til Gambia i vest, Mauritania i nord, Mali i aust og Guinea og Guinea-Bissau i sør. Det ligg sør for Senegalelva med kyst mot Atlanterhavet i vest, og har her kystgrense mot Kapp Verde. Dakar er hovudstaden i landet.

Senegal blei oppretta i 1960 etter oppløysinga av Mali-føderasjonen, som var blitt oppretta av tidlegare franske koloniar i 1959. Den største folkegruppa i landet er volof-folk, som utgjer rundt 43 % av innbyggjarane. Deretter følgjer fulaniar (ca. 23 %) og sererfolk (ca. 15 %). Dei aller fleste innbyggjarane er muslimar (rundt 94 %), medan eit mindretal er kristne (5 %) eller følgjer tradisjonelle religionar.

Geografi mini|venstre|Kart over Senegal

Senegal ligg heilt vest i Afrika, mellom breiddegradene 12° og 17°N og lengdegradene 11° og 18°V. Kapp Verdehalvøya, eller Cap Vert, er det vestlegaste punktet på det afrikanske fastlandet. Her ligg hovudstaden Dakar.

Senegal har kyst mot Atlanterhavet i vest, Mauritania i nord, Mali i aus og Guinea og Guinea-Bissau i sør. Det omsluttar Gambia på alle sider bortsett frå ved den korte gambiske atlanterhavskysten i vest.

Det senegalesiske landskapet omfattar for det meste åslendt sandsletter i vestre Sahel som stig til høgare åsar i søraust. Her ligg det høgaste punktet i Senegal, Baunez-kammen på 648 meter. Nordgrensa blir danna av Senegalelva; andre elver i landet er Gambia-, Saloum- og Casamance-elva. Elvene har danna breie elvedalar og buktingar.

Senegal omfattar fire økoregionar: Guineansk skog-savanne-mosaikk, sahelsk akasiesavanne, vestsudansk savanne og guineansk mangrove.

Klima mini|venstre|Kart over Senegal med Köppen-klassifiseringar av klimaet. mini|Landskap i Casamance

Senegal har eit tropisk klima med regntid frå juni til september og tørke i tida mellom. Temperaturane held seg høge året gjennom, men vert litt lågare frå desember til april.

Regnmengdene aukar frå nord til sør, og dei nordlege områda av landet er påverka av den intertropiske konvergenssona med skyer og regn mellom juni og september. I løpet av desse månadene regner det likevel berre 20-30 dagar, og den årlege nedbørsnormalen er rundt 300-350 mm. I sør aukar den årlege nedbøren til mellom 1000 og 1500 mm, og det regner om lag 60-90 dagar i regntida. Her strekkjer regntida seg inn i oktober. Dakar ligg mellom desse to områda og har ein årleg nedbørsnormal på 542 mm. Dei nordlege områda av Senegal ligg i utkanten av Sahara, og er eit tørt område.

I tørketida blæs det stort sett ein nordaustleg vind, kalla harmattan, og han kan føre med seg sand og støv som set ned sikta. I dei indre områda er fukta mykje lægre i denne tida, og temperaturane mykje høgare enn ved kysten. Nattetemperaturane er derimot lægre.

Historie

Forhistorisk og førkoloniell tid Arkeologiske funn i området viser at Senegal blei folkesett i forhistorisk tid og truleg har vore kontinuerleg folkesett av ulike folkegrupper. Det oppstod fleire rike rundt 600-talet. Takrur blei danna på 900-talet og Namandiru og Jolof-riket på 1200- og 1300-talet. Aust-Senegal var ein gang ein del av Ghana-riket.

Islam blei innført gjennom at toucouleur- og soninkefolk hadde kontakt med Almoravidedynastiet i Maghreb, og blei spreidd av allierte grupper. Denne utviklinga møtte motstand frå grupper som følgde tradisjonelle religionar, særleg frå sererfolk.Klein, Martin A., Islam and Imperialism in Senegal: Sine-Saloum, 1847–1914, p. 7, Edinburgh University Press (1968) Gravrand, Henry, La civilisation Sereer, Pangool, p. 13. Dakar, Nouvelles Editions Africaines (1990),

På 1200- og 1300-talet kom området under påverknad av rika i aust; Jolofriket blei òg grunnlagt på denne tida. I Senegambia-regionen, mellom 1300 og 1900, var nær ein tredel av befolkninga slavar, som regel etter å bli tatt til fange i krigføring."Slavery", Encyclopædia Britannica's Guide to Black History

På 1300-talet blei Jolofriket mektigar etter å ha sameint Cayor og kongerika Baol, Siné, Saloum, Waalo, Futa Tooro og Bambouk, det vil seia store delar av dagens Vest-Afrika. Riket var ein frivillig konføderasjon av ulike statar heller enn å byggja på milirær erobring.Charles, Eunice A. Precolonial Senegal: the Jolof Kingdom, 1800–1890. African Studies Center, Boston University, 1977. p. 3Ham, Anthony. West Africa. Lonely Planet. 2009. p. 670. Det blei skipa av Ndiadiane Ndiaye, som var dels sererResearch in African literatures, Volume 37. University of Texas at Austin, p. 8. African and Afro-American Studies and Research Center, University of Texas (at Austin) (2006)Diop, Cheikh Anta & Modum, Egbuna P. Towards the African renaissance: essays in African culture & development, 1946–1960, p. 28. Karnak House (1996). og dels toucouleur, og klarte å skipa ein koalisjon mellom mange folkegrupper. Det fall saman rundt 1549 då Lele Fouli Fak blei overvunnen og drepen av Amari Ngone Sobel Fall.

Kolonitid venstre|mini|Det portugisiske imperiet var den fyrste europeiske makta til å kolonisera Senegal. Dette byrja då Dinis Dias kom til Gorée i 1444 og enda i 1888, då portugisarane overgav Ziguinchor til Frankrike. På midten av 1400-talet gjekk portugisarar i land ved kysten av dagens Senegal, følgd av handelsfolk frå andre land, mellom anna Frankrike. Ulike europeiske makter — Portugal, Nederland og Storbritannia — kjempa om handel i området frå 1400-talet og seinare. Nederlendarane tok kontroll over øya Gorée, nær den moderne storbyen Dakar, på 1500-talet. Franskmennene slo seg ned på øya Saint-Louis ved utløpet av Senegalelva i 1659.

I 1677 fekk Frankrike kontroll over Gorée. Øya var blitt eit mindre avgangspunkt i den atlantiske slavehandelen, og blei brukt som base for å kjøpa slavar frå krigande smårike på fastlandet.Les Guides Bleus: Afrique de l'Ouest (1958 utg.), s. 123 mini|Franske slavehandlarar på Gorée på 1700-talet Europeiske misjonærar innførte kristendommen til Senegal og Casamance på 1800-talet. Det var fyrst på 1850-talet at franskmennene byrja å trenga inn i innlandet, etter at dei avskaffa slaveriet og byrja å innføra ein abolisjonismedoktrine. Dei fekk kontroll over rike som Waalo, Cayor, Baol og Jolof. Under guvernør Louis Faidherbe tok franskmennene over alle rika bortsett frå Siné og Saloum.Klein, Martin A. Islam and Imperialism in Senegal: Sine-Saloum, 1847–1914, Edinburgh University Press (1968). s. X

I 1895 blei området del av Fransk Vest-Afrika. Det fekk sin eigen administrasjon i 1904.

25. november 1958 blei Senegal ein sjølvstyrande republikk i Det franske fellesskapet. venstre|mini|Saint Louis rundt 1900. Europearar og afrikanarar langs Rue Lebon.

Sjølvstende mini|Den kortlivde Maliføderasjonen. I januar 1959 gjekk Senegal og Fransk Sudan saman og blei til Maliføderasjonen, som blei sjølvstendig frå Frankrike 20. juni 1960 etter ein avtale om maktoverføring underskriven 4. april 1960. Indre politisk spenning gjorde av føderasjonen braut saman allereie 20. august 1960 då Senegal og Fransk Sudan (omdøypt til Republikken Mali) begge erklærte sjølvstende.

Léopold Sédar Senghor, ein internasjonalt kjend diktar og statsmann, blei vald til den fyrste presidenten i Senegal i august 1960. Senghor var ein forkjempar for ei form for afrikansk sosialisme.A Critical bibliography of French literature: in three parts. The Twentieth. Red. David Clark Cabeen, Richard A. Brooks, Douglas W. Alden

Etter oppløysinga av Maliføderasjonen, styrte president Senghor og statsminister Mamadou Dia saman under eit parlamentarisk system. I desember 1962 førte den politiske rivaliseringa deira til eit kuppforsøk av statsminister Dia. Kuppet blei stoppa utan blodsutgyting, og Dia blei arrestert og fengsla. Senegal innførte ein ny grunnlov som konsoliderte makta til presidenten.

Senghor var betydeleg meir tolerant for opposisjon enn dei fleste afrikanske leiarar var på 1960-talet. Likevel var den politiske aktiviteten i landet ganske avgrensa ei tid. Partiet til Senghor, den senegalesiske progressive unionen (no sosialistpartiet i Senegal), var det einaste lovleg tillatne partiet frå 1965 til 1975. Det siste året tillét Senghor danninga av to opposisjonsparti som starta verksemda si i 1976 — eit marxistisk parti (African Independence Party) og eit liberalt parti (Det senegalesiske demokratiske partiet).

På 1960- og byrjinga av 1970-talet var det stadige, vedvarande brot på grensene til Senegal av det portugisiske militæret frå Portugisisk Guinea. Senegal gjekk til tryggingsrådet i SN og fekk resolusjonar kring åtaka i 1963, 1965, 1969, 1971 og 1972. Staten Guinea blei skipa i 1972 og fekk sjølvstende to år seinare.

1980 til i dag I 1980 bestemte president Senghor seg for å trekka seg tilbake. Året etter overførte han makta til sin utpeikte etterfølgjar, Abdou Diouf. Den tidlegare ministeren Mamadou Dia, ein rival av Senghor, stilte til val i 1983, men tapte mot Diouf. Senghor flytta til Frankrike, der han døydde 95 år gammal.

Senegal gjekk saman med Gambia den 1. februar 1982 og forma konføderasjonen Senegambia. Denne blei oppløyst att i 1989. Ei sørleg separatistgruppe (Rørsla av demokratiske styrkar i Casamance, MFDC) i Casamance-regionen har trass fredssamtalar hatt sporadiske trefningar med styresmaktene sidan 1982. Tidleg på 200-talet har valden gått tilbake og president Macky Sall hadde samtalar med opprørarane i Roma i 2012." Uppsala Conflict Data Program: Senegal: Casamance, In-depth Developments since 2005", Conflict Encyclopedia

Abdou Diouf var president frå 1981 til 2000. Han oppmuntra til breiare politisk deltaking, reduserte engasjementet til regjeringa i økonomien og utvida det diplomatiske engasjementet til Senegal, særleg i høve til andre utviklingsland. Innarikspolitiskke konfliktar førte nokre gangar til gatevald, grensespenningar og ei valdeleg separatistrørsle i den sørlege regionen Casamance. Likevel blei det senegalesiske engasjementet for demokrati og menneskerettar styrka. Abdou Diouf sat som president i fire periodar.

Ved presidentvalet i 1999 overvann opposisjonsleiaren Abdoulaye Wade Diouf i eit val som blei rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. Senegal opplevde sin andre fredelege maktovergang, og den fyrste frå eit politisk parti til eit anna. Den 30. desember 2004 kunngjorde president Wade at han ville signera ein fredsavtale med separatistgruppa i Casamance-regionen. Dette er likevel enno ikkje implementert. Det var ein forhandlingsrunde i 2005, men førte ikkje fram til ei endeleg løysing.

I mars 2012 tapte president Abdoulaye Wade presidentvalet, og Macky Sall blei vald til ny president i Senegal. Sall blei gjenvald i 2019. Presidentperioden blei redusert frå sju år til fem.

Samfunn

thumb|upright=2.05|Folketalet i Senegal frå 1960 til 2016 Folkesetnad Senegal har eit folketal på rundt 15,9 millionar. Rundt 42 prosent av dei budde på landsbygda.

Dakar er den største byen i landet, med over to millionar innbyggjarar. Den nest folkerikaste byen er Touba, som de jure er eit communaute rurale (landleg kommune), men har over ein halv million innbyggjarar. Deretter følgjer Pikine, Kaolack, M'Bour og Rufisque.

Folkegrupper Det bur fleire ulike folkegrupper i Senegal, og som i dei fleste andre vestafrikanske landa er fleire språk utbreidde her. Voloffolk er den største einskilde folkegruppa, med 43 % av innbyggjarane i landet; fulaniar og toucouleurfolk (også kjende som halpulaar'en, bokstaveleg 'pulaar-talarar') er den nest største gruppa med 24 %, og deretter følgjer sererfolk med 14,7 %,Gambia. CIA. The World Factbook jolafolk med 4 %, mandinkafolk med 3 %, maures eller naarkajors, soninkefolk, bassarifolk og fleire mindre grupper med 9 %. Det bur rundt 50 000 folk av europeisk opphav, hovudsakleg fransk, i landet. Det finst også mindre grupper av andre innvandrarar, der libanesarar er ei viktig gruppe.Senegal (09/08), U. S. Department of State, arkivert Det finst også titusentals flyktningar frå Mauritania, hovudsakleg nord i landet.

Næringsliv