Mayaspråk utgjer ein språkfamilie som blir snakka i Mexico og det nordlege Mellom-Amerika. Mayaspråka blir snakka av over 6 millionar mayaar, hovudsakleg i Guatemala, Mexico og Belize. I 1996 anerkjende Guatemala formelt 21 mayaspråk innanfor grensene sine,Spence, eit al. (1998). medan Mexico anerkjenner ytterlegare åtte.Achi vert rekna som ein variant av quiché av guatemalanske styresmakter. Reknar ein med achi, er det 30 levande mayiske språk.

Mayaspråkfamilien er ein av dei best dokumenterte og mest studerte i Amerika.Campbell (1997), s. 165. Dei moderne mayaspråka stammar frå urmaya, eit språk ein trur blei snakka for minst 5000 år sidan og som har vorte delvis rekonstruert. Mayaspråk er ein del av det mesoamerikanske språkområdet, ein språkbunt som har utvikla seg gjennom tusenvis av år i Mesoamerika. Alle mayaspråka har dei typiske trekka frå dette området. Døme på dette er ergativitet og bruken av relasjonelle substantiv i staden for preposisjonar.

Under den førkolumbiske perioden vart nokre av mayaspråka skrivne med mayaglyffar. Denne skrifta er kjend frå perioden 300–200 f.Kr. under den seine førklassiske perioden (400 f.Kr.–250 e.Kr.),William A. Saturno, David Stuart, Boris Beltrán: Early Maya Writing at San Bartolo, Guatemala, Department of Anthropology, University of New Hampshire, Durham, USA, University of Texas at Austin, Austin, Texas, Escuela dei Historia, Universidad de San Carlos, Guatemala City, Sciencexpress, 5. januar 2006 men er best dokumentert under mayasivilisasjonens klassiske periode (sa. 250–900 e.Kr.). Dei over 10 000 verna mayainskripsjonene på bygningar, monument, keramikk og barkepapirkodeksar,Kettunen og Helmke (2005), s. 6. kombinert med den rike litteraturen på mayaspråk skriven med det latinske alfabetet etter den spanske koloniseringa, dannar eit viktig grunnlag for dagens forståing av den førkolumbiske historia til Amerika.

Historie Mayaspråk er etterkommarane av eit urspråk som vert kalla urmaya, eller på quiché, nab'ee maya' tzij.England (1994). Urmaya blei sannsynlegvis snakka i Cuchumataneshøglanda i det sentrale Guatemala i eit område som tilsvarer omtrent det området der kanjobal blir snakka i dag.Campbell (1997), s. 165. Det tidlegaste forslaget (Sappar 1912) som peikte ut høglanda i Chiapas og Guatemala som mayaspråka sine opphavsområde, blei publisert av den tyske antikvaren og forskaren Karl Sappar; sjå Fernández dei Miranda (1968), s. 75. Ifølgje den gjeldande klassifiseringa til Lyle Campbell og Terrence Kaufmann fann den første oppdelinga stad rundt 2200 f.Kr., då huastekisk skilde lag med resten og talarane forflytta seg nordvestover langs golfkysten. Talarar av uryukatekansk og urcholansk skilde seg òg frå resten og forflytta seg nordover til Yucatánhalvøya. Talarar av den vestlege greina av urmaya drog sørover til områda som i dag er folkesette av mameanske og quicheanske folk. Då talarar av urtzeltalansk skilde seg frå den choleanske gruppa og drog sørover til høglanda i Chiapas, kom dei i kontakt med talarar av mixe-zoqueanske språk.Kaufman (1976) Ifølgje ein alternativ teori av Robertson og Houston skilde huastekisk seg frå den cholansk-tzeltalanske greina mykje seinare enn det Kaufman trur.Robertson og Houston (2002).

I den arkaiske perioden (fram til 2000 f.Kr.) ser det ut til at mange lånord frå mixe-zoqueanske språk vart tekne opp i urmaya. Dette har ført til ein hypotese om at dei tidlege mayaene var underlagde talarar av mixe-zoqueanske språk, kanskje olmekerkulturen.Denne teorien vart først målboren av Campbell og Kaufman (1976). Når det gjeld språka xinca og lenca derimot, har dei mange mayalånord. Spesialistar på mayaspråk, som Lyle Campbell, trur difor at det har vore ein periode med sterk kontakt mellom mayaene og lencaane og xincaane, kanskje under den klassiske perioden (250–900 e.Kr.).Campbell (1997), s. 165.

mini|venstre|300px|Omtrentlege migrasjonsruter for fleire greiner av mayaspråkBasert på Kaufman (1976). Uryukatekansk i nord (på Yucatánhalvøya) og urcholansk i sør (i høglanda i Chiapas og Peténbekkenet) skilde lag allereie tidleg i den førklassiske perioden (2000 f.Kr.–250 e.Kr.). Begge variantane finst i hieroglyfiske inskripsjonar frå den tida, og dei to språka vert ofte refererte til som «klassisk maya».

I den klassiske perioden vart alle hovudgreinene oppdelt ytterlegare i ei rekkje separate språk. Sjølv om ei prestisjespråkform er den klårt mest frekvente i hieroglyfiske tekster, har ein funne minst to, og kanskje så mange som fem, ulike variantar av mayaspråk i desse tekstene: ein austleg variant av cholansk i tekster frå det sørlege mayaområdet og høglanda, ein vestleg variant av cholansk i inskripsjonar frå Usumacintaregionen frå midten av 600-talet, Hruby og Child (2002) ein yukatansk variant frå tekster frå Yucatánhalvøya,Kettunen og Helmke (2006) s. 12. ein tzeltalansk variant frå dei vestlege høglanda og eit høglandsspråk frå den quicheanske greina.Dmitri Beliaev, EMC-konferanse i Malmö i Sverige

I det siste har det vorte føreslege at den spesifikke varianten av cholansk som finst i hieroglyfiske tekster, best bør forståast som «klassisk choltiansk», forgjengaren til moderne chorti og cholti. Ein trur det oppstod i det vestlege og sørlege sentrale Peténbekkenet. Det vart brukt i inskripsjonar, og vart kanskje snakka av eliten og av prestar.Houston, Robertson, og Stuart (2000). Årsaka til at så få ulike språklege variantar finst i tekstane, er sannsynlegvis at desse fungerte som prestisjedialektar i heile mayaområdet, og hieroglyfiske tekstar blei skrivne på språket til eliten.Kettunen og Helmke (2006) s. 12. Uansett må vanlege mayafolk ha snakka fleire ulike språk i den klassiske perioden.

Under den spanske koloniseringa av Mellom-Amerika vart alle indianske språk undertrykt av spansk, som vart det nye prestisjespråket. Bruken av mayaspråk i mange område i samfunnet, som administrasjon, religion og litteratur, tok slutt. Mayaområdet var likevel meir motstandsdyktig mot påverknad utanfrå enn andre område,Det siste sjølvstendige mayiske kongedømmet (Tayasal) vart ikkje erobra før i 1697, rundt 170 år etter at dei første conquistadorene kom til Amerika. Under kolonitida og i den postkoloniale perioden fann det òg stad einskilde opprør av mayaene mot spanjolane, blant anna eit i Yucatán som tok slutt på byrjinga av 1900-talet. og det er kanskje grunnen til at mange mayasamfunn framleis har ein stor del einspråklege talarar. Mayaområdet er likevel dominert av spansk. Fleire mayaspråk er utdøydd eller truga. Andre lever i beste velgående, med talarar i alle aldersgrupper som brukar dei som førstespråk på alle samfunnsområde.Grenoble og Whaley (1998) skildrar situasjonen slik: «Mayaspråk har vanlegvis fleire hundre tusen brukarar, og fleirtalet av mayaene har eit mayaspråk som førstespråk. Hovudmålet til mayasamfunna er ikkje å revitalisere språket sitt, men å bremse den raske spreiinga av spansk... (i staden for å vere) på slutten av ein språkskifteprosess, (er mayaspråk) i byrjinga.» (Grenoble og Whaley 1998:xi–xii)

Etter kvart som arkeologane gjorde framsteg i mayaområdet på 1900-talet og nasjonalistiske og etniske byrgskapshaldningar spreidde seg, byrja mayatalande folk å utvikle ein felles identitet som mayaer, etterkommarane av den mektige mayasivilisasjonen. Choi (2002)

Orda «maya» stammar sannsynlegvis frå den postklassiske yukatanske byen Mayapan; den snevrare tydinga som orda hadde i førkolonial og kolonial tid, viser at det oppstod i ein bestemd region på Yucatánhalvøya. Dagens vidare tyding av ordet vert brukt både om språklege, etniske og kulturelle tilhøve. Dei fleste mayaane identifiserer seg først og fremst med ei bestemt etnisk gruppe, t.d. som «yukatanar» eller «quiché», men dei er òg klår over at desse etniske gruppene har same mayiske rot.Choi (2002)

Språket har vore avgjerande for å trekkje grensene for denne slektskapen.Fabri (2003: s. 61. n1) skriv: «Nemninga maya er problematisk fordi mayafolk ikkje har ein homogen identitet. Maya har i staden vorte ein strategi for sjølvrepresentasjon for mayarørslene og tilhengarane deira. Academia dei Lenguas Mayas de Guatemala (ALMG) har registrert tjueein ulike mayaspråk» Einskapskjensla har ført til krav om at språk som er så nært i slekt at dei lett kunne vorte rekna som dialektar av det same språket, skal reknast som eigne språk. Omgrepet «dialekt» vart likevel tidlegare brukt med rasistisk undertone, for å skape eit skilje mellom amerindiske «dialektar» og europeiske «språk». Dette er òg ein grunn til at ein i dei seinare åra heller har rekna dei språklege variantane som blir snakka av ulike etniske grupper, som separate språk.Sjå Suárez (1983) kapittel 2 for ein gjennomgang av nytta og tydingane av orda «dialekt» og «språk» i Mesoamerika.

I Guatemala vert oppgåver som standardisering av ortografiar for mayiske språk teke hand om av Academia dei Lenguas Mayas de Guatemala (ALMG, Guatemalas akademi for mayiske språk), som vart oppretta av mayiske organisasjonar i 1986. Etter fredsavtalen i landet i 1996 har akademiet fått stadig større heider som den offisielle regulatoren av mayaspråk både blant forskarar og mayafolk sjølv.

Slektskap og klassifisering

Mayaspråkfamilien har ikkje vist nokon sikre teikn til slektskapar med andre språkfamiliar. Likskapar med andre språk i Mesoamerika ser ut til å vere eit resultat av sammenblanding av språklege trekk med tilgrensande språk og ikkje av sams genetisk opphav. Mesoamerika har vist seg å vere ein såkalla språkbunt.Campbell, Kaufman og Smith-Stark (1986)

Mange forskarar har freista å kople mayafamilien med andre språkfamiliar eller isolat, men ingen av forslaga har fått brei støtte blant lingvistane. Nokre døme er forsøk på å kople mayaspråk til chipaya-uru, mapudungun, lenca, purépecha og huave. Mayaspråk har òg vorte tekne med i fleire hypotesar om hokanspråk og penutianske språk. Lingvisten Joseph Greenberg inkluderte mayaspråk i sin svært kontroversielle hypotese om amerindiske språk, som har vorte avvist av dei fleste historiske lingvistar.

Ifølgje Lyle Campbell, ein ekspert på mayaspråk, er det mest lovande forslaget «makromaya-hypotesen», som peikar på fellestrekk mellom mayaspråk, mixe-zoquenaske språk og totonakisk, men ytterlegare forsking er naudsynt for å støtte opp under eller avvise denne hypotesen.

Underinndelingar Mayaspråkfamilien er svært godt dokumentert, og den interne genetiske klassifiseringa er vidt akseptert og etablert, med unntak av einskilde mindre uoppklara skilnader.

Ein ting det enno er usemje om, er plasseringa av cholansk og kanjobalansk. Nokre forskarar trur desse dannar ei separat vestleg greinTil dømes Campbell og Kaufman (1985). (som i diagrammet nedanfor), medan andre ikkje støttar forslaget om ein nær slektskap mellom desse to undergruppene og klassifiserer dei som to ulike greiner som stammar direkte frå urspråket.Robertson (1977) Ei alternativ klassifisering grupperer den huastekanske greina som ein utløper frå den cholansk-tzeltalanske greina, og ikkje som ei eiga grein som stammar direkte frå urmaya.Robertson og Houston (2003)Houston eit al. (2000)

center|710px|Slektstre for mayaspråk

Geografi og utbreiing

mini|300px|Kart over områda der det blir snakka mayaspråk. Skriftstorleiken indikerer dei innbyrdes storleikane på folkesetnadene (over 500 000 brukarar, 100 000–500 000 brukarar, 10 000–100 000 brukarar og under 10 000 brukarar).

Den huastekanske greina Huastekisk (tenek) blir snakka i dei meksikanske delstatane Veracruz og San Luis Potosí av rundt 122 000 menneske. Det er det av mayaspråka som skil seg mest frå dei andre. Chicomuselsk var eit språk som var beslekta med huastekisk og vart snakka i Chiapas. Språket døydde ut ein gong før 1982.Campbell and Canger (1978).

Den yukatekanske greina