Markus Jonsson () er ein svensk fotballspelar som spela forsvar for SK Brann i 2012-sesongen.
Markus Jonsson starta karrieren sin for fotballaget i heimbyen Växjö. Seinare har han spelt for dei svenske laga Östers IF og Stockholmsklubben AIK Fotboll. Jonsson spelar oftast forsvar. Det var i AIK han fekk tilnamnet «Mr. 100 %» fordi han var så treffsikker når han tok straffespark. Etter tre år i AIK gjekk han til greske Panionios. Då kontrakten hans gjekk ut her i 2012, gjekk han over til SK Brann, der Rune Skarsfjord har gjort han til kaptein.NRK.no, 20.03.12: Markus Jonsson blir Brann-kaptein
Kjelder
Profil på Brann.no
Fotnote
Kategori:Svenske fotballspelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:AIK-spelarar Kategori:Panionios-spelarar Kategori:Folk frå Växjö