Allium textile er ei plante i laukslekta i påskeliljefamilien som høyrer naturleg heime i dei sentrale delar av Nord-Amerika.
mini|venstre|Teikning av Allium textile
Skildring A. textile har eggforma laukar som kan bli opptil 2,5 cm lange. Skafta blir opptil 40 cm høge, og har runde tverrsnitt. Blomane er klokke-eller urneforma, med ein diameter på rundt 6 mm. Kronblada er kvite eller rosa med raudbrune midtnverver. Pollen og mjølberarar er gule.
Habitat og utbreiing
Allium textile veks på tørre, opplyste stader i høgder på 300–2400 m.
Det naturleg leveområdet til A. textile strekkjer seg over Great Plains i Nord-Amerika frå Oklahoma til Montana og Minnesota, i Rocky Mountains og Great Basin-delstatar frå nordlege New Mexico til Washington og dei kanadiske provinsane Alberta, Saskatchewan og Manitoba. Ein har også funne ein isolert populasjon i Indiana.
Namn Engelske namn på lauken er Prairie Onion, White Wild Onion og Textile Onion.
Vitskapleg synonym er: Allium aridum Rydb. Allium geyeri S. Watson var. textile (A. Nelson & J.F. Macbr.) B. Boivin Allium reticulatum G. Don Allium reticulatum G. Don var. playanum M.E. Jones
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Allium textile» frå , den 2. juli 2019.
Bakgrunnsstoff
Minnesota wild flowers USDA Montana plant Yellowstone
Kategori:Laukslekta