Slaget ved Glen Shiel (skotsk-gælisk Blàr Ghleann Sheile) var eit slag i Glen Shiel vest i Dei skotske høglanda den 10. juni 1719, mellom britiske regjeringsstyrkar og ein allianse mellom jakobittane og Spania, noko som enda med ein siger for regjeringsstyrkane. Det var det siste slaget mellom britiske og utanlandske styrkar på fastlandet i Storbritannia. Slaget ved Glen Shiel vert stundom rekna som ei forlenging av opprøret i 1715, men er meir nøyaktig eit eige opprør og det einaste opprøret som vart stoppa av ein enkel militæraksjon.Oxford Companion to Scottish History, p. 349, By Michael Lynch, Oxford University Press, ISBN 978-0-19-923482-0. Det vert stundom omtalt som the Nineteen. I dag er slagmerka verna av Historic Scotland.
Etter freden i Utrecht vart Filip V akseptert som konge av Spania, men Spania mista samstundes områda sine i Italia til austerrikarane og Storbritannia fekk kontroll over Menorca og Gibraltar. Nokre år seinare ønskte Spania å ta attende dei tapte områda og okkuperte Sardinia og Sicilia. Britane svarte 11. august 1718 med å erklære at dette var eit brot på Utrecht-avtalen og øydela flåte til José Antonio de Gaztañeta ved Kapp Passaro (nær Siracusa). Spania erklærte så krig, og den italienske rådgjevaren til Filip, kardinal Giulio Alberoni, tok initiativet til å lage uro i Storbritannia for å hindre eit åtak mot Den iberiske halvøya.Slaget ved [email protected] By A.H Miller. FSA Scot.
Alberoni valde å blande seg inn i striden om trona og støtta jakobittane for å destabilisere krona og setje inn ein meir bøyeleg konge (og parlament).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Battle of Glen Shiel» frå , den 19. april 2012. oppgav desse kjeldene: Misión en Escocia (s. 68–74), Muy Interesante 288, mai 2005, Abraham Alonso. A History of Skottland, J. D. Mackie, ISBN 0-14-013649-5 The Jacobite Attempt of 1719, William K. Dickson (1895)
Bakgrunnsstoff Slaget ved Glen [email protected]
Kategori:Konfliktar i 1719 Glen Shiel 1719 Glen Shiel 1719 Glen Shiel 1719 Glen Shiel Glen Shiel