Azerspace-1/Africasat-1a er den fyrste aserbajdsjanske satellitten i verdsrommet.

Han vart bygd av Orbital Sciences Corporation og skoten ut frå Guiana Space Centre i Fransk Guyana 7. februar 2013 med ein baneposisjon på 46° aust.

Satellitten dekkjer Europa, Afrika og delar av Asia. Han blir styrt av det aserbajdsjanske selskapet Azercosmos og kan overføra fjernsyn, radio og internettrafikk.

Satellitten har ei forventa levetid på 15 år.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Azerspace-1/Africasat-1a» frå , den 2. september 2018.

Kategori:Aserbajdsjanske satellittar Kategori:Kunstige satellittar Kategori:2013 i Aserbajdsjan Kategori:Skipingar i 2013