Finsk hest er ein kaldblodshest med opphav i Finland.
Skildring Finsk hest er ein mellomstor, sterkbygd hest. Raud er den vanlegaste fargen, ofte med lysare man og hale. Rasen er allsidig, og vert delt inn i fire typar etter storleik og bruksområde; trekkhesttype, ridetype, travtype og ponnitype. Bruksprøver vert systematisk nytta i avlsarbeidet. I Finland vert mellomstore, mellomtunge hestar som finsk hest og fjording kalla universalhest.
Historie Stamboka til den finske hesten går tilbake til 1907. På 50-talet var det så mange som 400.000 finske hestar, men etter mekaniseringa av jordbruket sokk talet til 14.100 i 1987. Talet på hestar tok seg opp att på grunn av at bruken som ridehest og travhest auka.
Førekomst Finsk hest finst over store delar av verda.
Bruk Opphavleg vart rasen brukt i jordbruk og skogbruk, men i dag er det mest vanleg å bruke han til rekreasjonsriding og travsport.
Kjelder Om finsk hest i Store Norske Leksikon Delar av denne artikkelen bygger på «Finnhorse» frå , den 23. april 2012.
Kategori:Hesterasar Kategori:Finland Kategori:Finske husdyr