«Your Wildest Dreams» er ein song frå 1986 av progrockbandet The Moody Blues, og vart skriven av gitarist og songar Justin Hayward. Songen vart først gjeven ut som singel og så på albumet The Other Side of Life same året. Songen nådde 9. plass på singellista i USA og gjekk heilt til topps på Adult Contemporary-lista, og andreplass på Mainstream Rock-lista.

Det førre albumet til The Moody Blues, The Present, hadde gjort det relativt dårleg og Moody Blues mista noko av det yngre publikumet sitt. Suksessen til «Your Wildest Dreams» introduserte Moody Blues på ny for eit yngre publikum.

Bandet flytta seg mot ein meir elektronisk stil og var mindre avhengig av bandmedlem Ray Thomas, som hovudsakleg spelte fløyte i bandet. «Your Wildest Dreams» var ein av dei første singlane utan Thomas i det heile, sjølv om Thomas framleis var viktig på Moody Blues-konsertane, der han spelte fløyte på tidlegare songar, i tillegg til å synge korvokal.

Det vart laga ein musikkvideo for «Your Wildest Dreams» som vann Billboard Video of the Year-prisen. Videoen vart mykje spelt på MTV. Modellen i videoen er Janet Spencer-Turner.

Salslister

Vekeslister ÅrListePlassering1986Adult Contemporary1Mainstream Rock Tracks2Billboard Hot 1009Australske Kent Music Report20

Årslister ÅrListePlassering1986Billboard Hot 10091

Medverkande Justin Hayward - akustisk gitar, vokal John Lodge - bassgitar Patrick Moraz - klaverinstrument Graeme Edge - trommer, perkusjon

Bakgrunnsstoff Musikkvideoen på YouTube

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Your Wildest Dreams» frå , den 11. mai 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Moody Blues-songar Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista Kategori:Songar skrivne av Justin Hayward Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Polydor Records-singlar